Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Universitetet i Bergen søkjer instituttleiar ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst. Stillinga er 100% frå 15.02.2027 med fire års åremål, og kan fornyast ved ny utlysing.
Instituttleiar skal drive strategisk leiing, ha personalansvar, og rapportere til Dekan. Ansvaret omfattar utvikling av mål for kunstnarleg utviklingsarbeid, ph.d.- og utdanningsoppgåver, budsjettering og krav til studieprogram. Føreset god kjønnsbalanse og mangfald.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst, Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig ei stilling som instituttleiar (100%) frå 15.02.2027. Tilsetjingsperioden er fire år (åremål), med moglegheit for tilsetjing i ny åremålsperiode etter utlysing.
Instituttleiar skal drive strategisk leiing og har samstundes det overordna ansvaret for instituttets verksemd. Instituttleiar har personalansvar og innstillande mynde ved tilsetjingar, sit i fakultetet si leiargruppe og rapporterer til dekan. Instituttleder legg til rette for bruk av tid til kunstnarleg utviklingsarbeid, utdanning og formidling for dei tilsette. Vidare har instituttleiar ansvar for å utvikle og følge opp mål for kunstnarleg utviklingsarbeid, ph.d.-utdanning, utdanning og formidling, utforme verksemdsplanar og sikre rasjonell drift og budsjettbalanse. Instituttleiar skal sørge for at instituttets studieprogram er ivaretatt i samsvar med UiBs studiekvalitetssystem. Instituttet er preget av tverrfagleg samarbeid, høy fagleg kompetanse og et sterkt engasjement for samfunnsaktuelle problemstillingar. Instituttleiar har HMS-ansvar og ansvar for å utvikle eit godt arbeidsmiljø, skape trivsel og motivasjon og leggje til rette for fagleg utvikling for den enkelte og for fagmiljøet samla. Instituttleiar skal sørge for at studiekvalitetssystemet av instituttets program er ivaretatt.
Instituttleiar sine viktigaste oppgåver er å:
Vi søkjer ein instituttleiar som har:
I tillegg blir det lagt vekt på:
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Dekan Åsil Bøthun på e-post: asil.bothun@uib.no eller telefon +47 41329097 eller til fakultetsdirektør Eli Neshavn Høie på e-posteli.hoie@uib.no eller telefon +47 95198327
For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergenarbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering avledere.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her .