Vitskapleg assistent ved prosjektet NONMANUAL

Universitetet i Bergen

Bergen

On-site

NOK 470,000 - 525,000

Part time

14 days+

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Job summary

Universitetet i Bergen søker ein vitskapleg assistent til prosjektet NONMANUAL ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Stillinga er mellombels 40% med oppstart 01.11.2026 og varig til 31.12.2027, med tiltreding 01.11.2026 eller etter avtale.

Arbeidsoppgåver inkluderer skriving av Python-programmer for å teste og kalibrere datamaskinsynsløysningar for analyse av teiknspråk, og læring av nevrale nettverkmodellar for dei same oppgåvene.

Qualifications

  • Du må ha gode kunnskapar i Python.
  • Gode kunnskapar i maskinlæring/dyplæring er ein stor føremon.
  • Arbeidserfaring relatert til oppgåvene i stillinga, som testing og kalibrering av CV, læring av modellar, datakurering særleg for teiknspråkvideodata, er ein føremon.
  • Du må vere ryddig og nøyaktig og i stand til å handtere store mengder informasjon.
  • Du må ha interesse for datamaskinsyn og personleg motivasjon for stillinga.

Responsibilities

  • Skriving av programmer i Python for å teste og kalibrere datamaskinsynsløysningar for analyse av teiknspråk, særleg for analyse av hovudbevegelsar og augebrynbevegelsar.
  • Læring av nevrale nettverkmodellar for dei same oppgåvene.

Skills

Python
Maskinlæring
Dyplæring
Datakurering

Education

Mastergrad
Bachelorgrad

Job description

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Vitskapleg assistent på prosjekt om ikkje-manuelle markørar i teiknspråk

Velkomen som søkjar til ei mellombels 40% stilling som vitskapleg assistent ved prosjektet NONMANUAL ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Tilsetjing i stillinga er for åremålsperioden 01.11.2026-31.12.2027. Oppstart i stillinga er 01.11.2026 eller etter avtale.

  • Skriving av programmer i Python for å teste og kalibrere datamaskinsyn (Computer Vision)løysningar for analyse av teiknspråk, særleg for analyse av hovudbevegelsar og augebrynbevegelsar.
  • Læring av nevrale nettverkmodellar for dei same oppgåvene.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
  • Du må ha gode kunnskapar i Python.
  • Gode kunnskapar i maskinlæring/dyplæring er ein stor føremon.
  • Arbeidserfaring relatert tiloppgåvene i stillinga, som testing og kalibrering av CV, læring av modellar, datakurering særleg for teiknspråkvideodata, er ein føremon.
  • Du må vere ryddig og nøyaktig og i stand til å handtere store mengder informasjon.
  • Du må ha interesse for datamaskinsyn og personleg motivasjon for stillinga.

Søkjarar som tidlegare har vore tilsette i stipendiatstilling eller har oppnådd tilsvarande kompetanse, kan ikkje tilsetjast i stillinga. Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin arbeidsplass ved Universitetet i Bergen. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

  • Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
  • Løn som vitskapleg assistent, som for tida svarar til ei brutto årsløn på 525 000 kr i full stilling for dei med mastergrad (kode 1020) og brutto årsløn 470 200 kr i full stilling for dei med bachelorgrad (kode 1019). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse , som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, samt tilgang til gunstige bustadlån.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til prosjektleiar Vadim Kimmelman på telefon: +4790248771, eller e-post: vadim.kimmelman@uib.no eller instituttleiar Anders Fagerjord på telefon:+47 55583653,eller e-post: anders.fagerjord@uib.no .

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV‑en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Vitskapleg assistent ved prosjektet NONMANUAL
Vitskapleg assistent ved prosjektet NONMANUAL

Anders Fagerjord • Bergen

On-site
NOK 470,000 - 525,000
Statens pensjonskasse
Gunstige bustadlån
Fleksibel arbeidstid
Instituttleiar ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst
Instituttleiar ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Researcher 1109 within applied mathematics and computationalscience for geological porous materials
Researcher 1109 within applied mathematics and computationalscience for geological porous materials

Universitetet i Bergen • Bergen

On-site
NOK 686,000 - 725,000
Fadder- og mangfaldskoordinator (mellombels)
Fadder- og mangfaldskoordinator (mellombels)

Universitetet i Bergen • Bergen

On-site
NOK 612,000 - 660,000
Løn som seniorkonsulent
Vil du leie utviklinga av framtidas kunstutdanning?
Vil du leie utviklinga av framtidas kunstutdanning?

Universitetet i Bergen • Bergen

On-site
NOK 1,400,000 - 1,700,000
Gode velferdsordningar
Lederutvikling
Kompetanseutvikling
Mellombels forskar
Mellombels forskar

Universitetet i Bergen • Bergen

On-site
NOK 690,000 - 710,000
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Stipendiat - Logikk og kunstig intelligens (LAI)
Stipendiat - Logikk og kunstig intelligens (LAI)

Universitetet i Bergen • Bergen

Hybrid
NOK 480,000 - 560,000
Forsker i anvendt matematikk og berekningsvitskap for geologiske porøse materiale
Forsker i anvendt matematikk og berekningsvitskap for geologiske porøse materiale

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 685,000 - 725,000
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Instituttleiar ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst
Instituttleiar ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst

Universitetet i Bergen • Bergen

Hybrid
NOK 1,000,000 - 1,200,000
Førsteamanuensis i rettsvitskap
Førsteamanuensis i rettsvitskap

Universitetet i Bergen • Bergen

On-site
NOK 850,000 - 960,000