Førsteamanuensis i framandspråksdidaktikk ved Institutt for framandspråk

Universitetet i Bergen

Bergen

Hybrid

NOK 791,000 - 831,000

Full time

14 days+
Application generator

An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.

Get past ATS filters

Job summary

Universitetet i Bergen søker ein motivert førsteamanuensis i framandspråksdidaktikk med undervisning på tysk ved Institutt for framandspråk. Planlagt oppstart er 1. januar 2027 med tilsetjingsperiode fram til 31. desember 2029.

Stillinga gir ei unik moglegheit til å bidra til ny kunnskap og delta i eit stimulerande akademisk miljø, med ansvar for undervising og rettleiing på alle nivå og MEDs profil mot internasjonalt samarbeid.

Qualifications

  • Erfaring frå undervising og rettleiing i tysk fagdidaktikk/framandspråksdidaktikk, og evne til å undervise og rettleie på alle nivå.
  • God kjennskap til norsk skule og utdanningssystem.
  • Svært god munnleg og skriftleg kompetanse i norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Responsibilities

  • Undervising i tysk fagdidaktikk i den femårige lektorutdanninga og PPU.
  • Tverrspråkleg undervising innan framandspråksdidaktikk.
  • Sensurarbeid, rettleiing, inkludert oppfølging av studentar i praksis.
  • Undervising knytt til etter- og vidareutdanning ved behov.

Skills

Tysk fagdidaktikk
Rettleiing
Undervisning

Job description

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til eit vikariat som førsteamanuensis i framandspråksdidaktikk med undervisning på tyskfaget ved Institutt for framandspråk. Planlagd oppstart er 1. januar 2027 med tilsetjingsperiode fram til 31. desember 2029.

I stillinga får du ein unik sjanse til bidra til ny kunnskap på feltet og delta i eit stimulerande akademisk miljø.

Institutt for framandspråk har ni fag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium og tysk. Innanfor desse faga blir det forska på språk, litteratur, historie/samfunn og fagdidaktikk. Instituttet har om lag seksti fast tilsette i vitskaplege stillingar, kring tjue ph.d.- og postdoktorstillingar og elleve administrativt tilsette.

Den utlyste stillinga er knytt til tyskfaget, som har fire faste stillingar. Faget har tilbod på alle nivå frå bachelorgrad til ph.d., inkludert femårig lektorutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Tysk har òg tilbod om nettbasert vidareutdanning.

  • Undervising i tysk fagdidaktikk i den femårige lektorutdanninga og PPU.
  • Tverrspråkleg undervising innan framandspråksdidaktikk.
  • Sensurarbeid, rettleiing, inkludert oppfølging av studentar i praksis.
  • Undervising knytt til etter- og vidareutdanning ved behov.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå undervising og rettleiing i tysk fagdidaktikk/framandspråksdidaktikk, og evne til å undervise og rettleie på alle nivå.
  • God kjennskap til norsk skule og utdanningssystem.
  • Svært god munnleg og skriftleg kompetanse i norsk eller ein anna skandinavisk språk.

Det er ein føremon med

  • Erfaring frå undervisings- og utviklingsarbeid i skulen.
  • Erfaring frå forskingssamarbeid og internasjonalt samarbeid.
  • Kompetanse frå eit anna språkfag i lektorutdanninga, dvs. engelsk, fransk eller spansk.

Det blir lagt vekt på forsking som er i gang, og på potensial til å styrke instituttet si faglege tyngde i åra framover.

Personlege eigenskapar

  • Ønske om og evne til å skape eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

Vurdering av søkjarane

Søkjarane vil bli vurderte og rangerte av ein sakkunnig komité.I rangeringa avkvalifisertesøkjararblirheile breidda av kvalifikasjonartrektinn ogvurderteksplisitt etter følgjande prioritering:

  • Vitskaplegekvalifikasjonar.
  • Utdanningsfaglege kvalifikasjonar.
  • Kvalifikasjonar innan områda formidling, administrasjon og leiing.
  • Andre kvalifikasjonarsom er relevantefor stillinga slik ho er skissert i denne utlysinga.

Det skal gjerast ei avsluttande vurdering av dei samla kvalifikasjonane. Vurderinga skal sjåast i lys av det karrierestadiet søkjaren er på. Det blir lagt vekt på dei personlege eigenskapane til søkjaren og på at vedkomande er eigna for stillinga.

Aktuelle kandidatar blir inviterte til intervju og til å gje ei prøveforelesing.

  • Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
  • Løn som førsteamanuensis (stillingskode 1011), som for tida svarar til ei brutto årsløn på790 900 – 830 900i fullstilling. For særleg kvalifiserte søkjarar kan detbli aktuelt å vurderehøgare løn. Vidare lønsopprykk etter ansiennitet i stillinga.

Det er forventa at den tilsette har arbeidsstaden sin på campus ved Universitetet i Bergen, deltek i den daglege drifta av instituttet og rettar seg etter dei retningslinjene som gjeld for stillinga.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Martin Paulsen påm.paulsen@uib.no eller tlf. 55 58 23 86 eller professor Åsta Haukås på asta.haukas@uib.no eller tlf. 55 58 24 88.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodarmennem å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Søknadsfrist:

25.09.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Førsteamanuensis i framandspråksdidaktikk ved Institutt for framandspråk
Førsteamanuensis i framandspråksdidaktikk ved Institutt for framandspråk

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 791,000 - 831,000
Eit godt fagleg miljø
Førsteamanuensis i framandspråksdidaktikk ved Institutt for framandspråk
Førsteamanuensis i framandspråksdidaktikk ved Institutt for framandspråk

Åsta Haukås • Bergen

On-site
NOK 791,000 - 831,000
Gode velferdsordningar
Arbeidsstad i hjartet av Bergen
Pensjonsordning i Statens pensjonskass
Førsteamanuensis i medie- og interaksjonsdesign
Førsteamanuensis i medie- og interaksjonsdesign

Universitetet i Bergen • Bergen

Hybrid
NOK 791,000 - 830,000
Førsteamanuensis i medie- og interaksjonsdesign
Førsteamanuensis i medie- og interaksjonsdesign

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 791,000 - 830,000
Pensjonsordning
Gode velferdsordninger
Offentlig lønn
Instituttleiar ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst
Instituttleiar ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Førsteamanuensis i medie- og interaksjonsdesign
Førsteamanuensis i medie- og interaksjonsdesign

lektor • Bergen

On-site
NOK 791,000 - 830,000
Spennande og utviklande arbeidsoppgåve
Medlemskap i Statens pensjonskasse og 
Gode velferdsordningar
Instituttleiar ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst
Instituttleiar ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst

Universitetet i Bergen • Bergen

Hybrid
NOK 1,000,000 - 1,200,000
Vikariat som kommunikasjonsrådgjevar ved Det humanistiske fakultet
Vikariat som kommunikasjonsrådgjevar ved Det humanistiske fakultet

Universitetet i Bergen • Bergen

Hybrid
NOK 700,000 - 750,000
Researcher 1109 within applied mathematics and computationalscience for geological porous materials
Researcher 1109 within applied mathematics and computationalscience for geological porous materials

Universitetet i Bergen • Bergen

Hybrid
NOK 686,000 - 725,000
Administrasjonssjef ved Klinisk institutt 2
Administrasjonssjef ved Klinisk institutt 2

Administrasjonssjef • Bergen

On-site
NOK 910,000 - 990,000
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar