Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Ferievikar 2027 hos Helse Møre og Romsdal HF i Volda-området søkjer engasjerte sjukepleiarar, vernepleiarar og helse- og sosialfaglege studentar til sommaren. Arbeidet inkluderer vaktperiodar i veke 24–33, med behov for fleire faggrupper og eit tett samarbeid i akutteam, ambulant allmenteam og ACT-team.
Tilsetjing skjer fortløpande. Oppgi kva tid du kan arbeide, og vere villig til å arbeide annankvar helg. Attestar og vitnemål lastast opp som vedlegg til CVen din.
Stillingstittel Ferievikar 2027 -Sjukepleiar, vernepleiar, studentar m.m.
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Ambulante tenester psykisk helse DPS Volda har behov for ferievikarar i perioden f.o.m. veke 24 t.o.m. veke 33. Vi treng mellom anna sjukepleiar, vernepleiar, psykologstudentar og andre helse- og sosialfaglege studentar. Seksjonen består i dag av eit akutteam, eit ambulant allmenteam og eit ACT-team (Aktivt oppsøkjande behandlingsteam). Pasientopptaksområdet er Søre Sunnmøre.
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til din CV.
Personlege eigenskapar vert særleg vektlagde ved tilsetting.
For meir informasjon om vår region, sjå her.
Janita Ulvestad Håhjem,Seksjonsleiar, janita.ulvestad.hahjem@helse-mr.no
Kløvertunvegen 1
6103Volda
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5209996474
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2027
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlegespesialisthelsetenestai Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere\"På lag med deg for helsa\"di.\"Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest.Vi ønskjer ikkjekontakt medannonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Ferievikar 2027 - Sjukepleiar, barnepleiar, sjukepleiarstudentar m.m.