A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Molde Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde søkjer ferievikarar sommaren 2027. Vi søkjer sjukepleiarar, vernepleiarar og studentar innan sjukepleie, vernepleie eller andre helse- og sosialfaglege utdanningar for perioden frå veke 25 til veke 33. Tilsetjing skjer fortløpande og det må/enkelt oppgi i søknad kva tid i perioden ein ønskjer å arbeide.
Det må rekne med å arbeide annankvar helg. Søknadsfrist: Ferievikar 2027 – Sjukepleiar, sjukepleiarstudentar, vernepleiar m.m.
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde har behov for ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2027. Vi treng sjukepleiarar, vernepleiarar og studentar innan sjukepleie, vernepleie eller andre helse- og sosialfaglege utdanningar. Det er behov i perioden f.o.m. veke 25 t.o.m. veke 33.
Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. I søknaden må det kome fram ved kva tid i den aktuelle perioden du ønskjer å arbeide. Du må rekne med å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Søknadsfrist:
For meir informasjon om vår region, sjå her !
Seksjonsleiar, Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlegespesialisthelsetenestai Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere"På lag med deg for helsa di."Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest.Vi ønskjer ikkjekontakt medannonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no