Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Møre og Romsdal HF i Volda søker ferievikar for medisinske og kirurgiske avdelingar. Du blir plassert etter klinikken sine behov og kan spele inn arbeidssøknaden kva tid i perioden. Forventa å arbeide annankvar helg og få opplæring i forkant. Søk vurderast fortløpande.
Tilsetjing er som ferievikar for LIS1/medisinstudent med lisens og krever norsk autorisasjon eller tilsvarande kvalifikasjon. Lønn etter gjeldande overeinskomstar og eit inkluderande arbeidsmiljø verdsettast.
Vil du bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for pasientane og deira pårørande. Vi ynskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Medisinske legar og kirurgiske legar har behov for vikarar for LIS1/medisinstudent med lisens i i perioden veke 24 - 33.
Informasjon til søkjaren:
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det komme fram ved kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønskjer å arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
For meir informasjon om vår region, sjå her.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er god infrastruktur og korte avstandar på Søre Sunnmøre og til delar av Nordfjord. Bu- og arbeidsmarknadsregionen utgjer omlag 65 000 innbyggjarar. Ørsta/Volda lufthamn har fleire daglege samband til Bergen og Oslo. Sjå meir om Volda her
Olav Skjærpe Brattli,Overlege gastroent. kirurgi, Olav.Skjerpe.Brattli@helse-mr.no
Therese Karina Saunes,Seksjonsleiar, Kirurgiske legar, Therese.Karina.Saunes@helse-mr.no
Miriam Wiksnes,Seksjonsleiar, Medisinske legar, Miriam.Wiksnes@helse-mr.no
Kløvertunvegen 1
6103Volda
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5209624502
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2027
Ferievikar 2027 - Sjukepleiar, barnepleiar, sjukepleiarstudentar m.m.
Ferievikar 2027 -Sjukepleiar, vernepleiar, studentar m.m.
Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest.
Vi ønskjer ikkjekontakt medannonseseljarar.
Les meir om oss på www.helse-mr.no