A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Ferievikarstilling ved Ambulante tenester psykisk helse DPS Volda i Søre Sunnmøre byr på varierte oppgåver for helse- og sosialfaglege studentar og utsette ferievikarar. Ein må kunne arbeide annankvar helg, og det kan vere ein til to veker opplæring før ferieperioden.
Søknaden må innehalde attest og vitnemål, og søknadsfristen er 31.01.2027. Stillinga er lokal sett i Volda, og arbeidsgivar er Helse Møre og Romsdal HF.
Ambulante tenester psykisk helse DPS Volda har behov for ferievikarar i perioden f.o.m. veke 24 t.o.m. veke 33. Vi treng mellom anna sjukepleiar, vernepleiar, psykologstudentar og andre helse- og sosialfaglege studentar.
Seksjonen består i dag av eit akutteam, eit ambulant allmenteam og eit ACT-team (Aktivt oppsøkjande behandlingsteam). Pasientopptaksområdet er Søre Sunnmøre.
Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til din CV.
Søknadsfrist 31.01.2027
Arbeidsgivar Helse Møre og Romsdal HF
Stad Volda
Stillingstittel Ferievikar 2027 -Sjukepleiar, vernepleiar, studentar m.m.
Tilsetjingsform Ferievikar
Webcruiter-ID 5209996474
Personlege eigenskapar vert særleg vektlagde ved tilsetting.
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda, Norge
Janita Ulvestad Håhjem
Seksjonsleiar
E-post: janita.ulvestad.hahjem@helse-mr.no
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
Les meir om oss på www.helse-mr.no