Une candidature complète en une minute
Un CV et une lettre de motivation personnalisés, prêts à envoyer.
Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund søkjer ferievikarar for sommaren 2027. Dei etterspør sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar og studentar innan helse- og sosialfaglege utdanningar til periodane veke 22–35.
Arbeidsstaden omfattar psykose-sengepost Sunnmøre, døgnseksjon PHBU Molde og Ålesund, samt andre psykiatriske avdelingar. Søknaden krev vedlegg som attestar og vitnemål, og at ein avgrensar ønskje arbeidssektor og veke.
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Vi har behov for ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2027. Vi treng sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar og studentar innan sjukepleie, vernepleie eller andre helse- og sosialfaglege utdanningar. Det er behov i perioden f.o.m. veke 22 t.o.m. veke 35.
Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. I søknaden må det kome fram ved kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønskjer å arbeide. Du må rekne med å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
31.01.2027
Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund
Ferievikar 2027 - Sjukepleiar, sjukepleiarstudentar, vernepleiar m.m.
Ferievikar
5210039584
Adresse: Ålesund Sykehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge
Erik Sletten Helgesen
Seksjonsleiar, Psykose sengepost Sunnmøre
E-post: erik.sletten.helgesen@helse-mr.no
Beate Olsbø Nilsen
Seksjonsleiar, Døgnseksjon PHBU Molde og Ålesund
E-post: beate.olsbo.nilsen@helse-mr.no
Andreas Trædal
Seksjonsleiar, Akutt psykisk helse Sunnmøre
E-post: andreas.traedal@helse-mr.no
Pamela Riise Loe
Seksjonsleiar, Alderspsykatri Sunnmøre
E-post: Pamela.Riise.Loe@helse-mr.no
Siri Charlotte Johnsen
Seksjonsleiar, Allmennpsykiatri Sunnmøre
E-post: Siri.Charlotte.Johnsen@helse-mr.no
Eirik Harnes Giske
Seksjonsleiar, Sikkerhetspsykiatri Sunnmøre
E-post: eirik.harnes.giske@helse-mr.no
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa" di. Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no