A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Ferievikar 2027 hos Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund søker vi som vil bidra til å gi pasientane eit godt tilbod. Stillinga omfattar sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidarar, med arbeid i veke 22 til veke 35 og ein plan for opplæring.
Du må ha helsefagleg utdanning eller bakgrunn, vere i stand til å uttrykkje deg skriftleg og munnleg på norsk, og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Søknadsfrist 31.01.2027. Løns- og ansettelsesvilkår i samsvar med gjeldande overeinskomst.
Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. I søknaden må det kome fram ved kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønskjer å arbeide. Du må rekne med å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Nøkkelinformasjon
Ferievikar 2027 - Sjukepleiar, sjukepleiarstudentar, vernepleiar m.m. Ferievikarer Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast. Vi har behov for ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2027. Vi treng sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar og studentar innan sjukepleie, verneplei eller andre helse- og sosialfaglege utdanningar. Det er behov i perioden f.o.m. veke 22 t.o.m. veke 35.
31.01.2027
Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund
Ferievikar 2027 - Sjukepleiar, sjukepleiarstudentar, vernepleiar m.m.
Ferievikar
Adresse: Ålesund Sykehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no