A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Møre og Romsdal HF søkjer ferievikarar sommaren 2027 til jordmor- og jordmorstudentstillingar i Ålesund-området. Søkjarar må vere motivert til å gi best mogleg omsorg til pasientar og pårørande, og rekna med å arbeide annankvar helg i perioden veke 24–34.
Tilsetjing skjer fortløpande. Søkjar må opplyse kva seksjon og kva tid i perioden dei ønskjer å arbeide. Attestar og vitnemål lastast opp som vedlegg til CV. Førstegong med og utan politiattest vert vurdert.
Ferievikar
Ferievikar 2027 - Jordmor, jordmorstudent Ferievikarer Helse Møre og Romsdal HF, Helse Møre og Romsdal HF
Søk på stillinga (i ny fane)
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Helse Møre og Romsdal har behov for jordmødre og jordmorstudenter til ulike ferievikariat sommaren 2027. Det er behov i perioden f.o.m. veke 24 t.o.m. veke 34.
Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. I søknaden må det kome fram kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønskjer å arbeide. Du må rekne med å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
31.01.2027
Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund, Hjelset, Volda
Ferievikar 2027 - Jordmor, jordmorstudent
Ferievikar
5209613202
Del på X Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post
For meir informasjon om vår region, sjå her.
Marianne Omvik
Seksjonsleiar - Føde Ålesund
E-post: Marianne.Bakken.Omvik@helse-mr.no
Martha Molvær
Seksjonsleiar - Barsel Ålesund
E-post: Martha.K.Molver@helse-mr.no
Heide Rinn Grimstad
Seksjonsleiar - Føde, barsel Volda
E-post: Heide.Rinn.Grimstad@helse-mr.no
Ingeborg Hjertvik
Seksjonsleiar - Føde, barsel SNR
E-post: ingeborg.hjertvik@helse-mr.no
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no