A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Central Norway Regional Health Authority i Ålesund søkjer ferievikarar sommaren 2027 til Avdeling for Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Stillingen er som ferievikar i perioden frå veke 26 til veke 33, og søkjarane blir vurderte fortløpande.
Vi søkjer motivert person som kan arbeide sjølvstendig, har norsk muntleg og kan samarbeide godt med pasientar og pårørande. Krav er fagbrev innan reinhald eller relevant erfaring; andre søkjarar blir også vurdert.
Ferievikar
Ferievikar 2027 - Reinhaldar Ferievikarer Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast!
Avdeling for Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) treng ferievikarar sommaren 2027.
Det er behov for ferievikarar i perioden f.o.m. veke 26 t.o.m veke 33.
Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
For meir informasjon om vår region sjå her
Adresse: Vestmoa 27, 6018 Ålesund, Norge
Siri-Mette Dragsund Hoff
Seksjonsleder
E-post: Siri.Mette.Dragsund.Hoff@helse-mr.no
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere \"På lag med deg for helsa di.\"
Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no