Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Austevoll kommune opprettar eit nytt fastlegekontor i Bekkjarvik som solopraksis. Leige, bustad og utstyr er avtalbart mellom næringsdrivande lege og utleigar. Heimelen blir 0-heimel og kostnadsfri å erverve, med liste på inntil 1000 pasientar.
Viktig at søker har god norsk skriftleg og munnleg kompetanse og oppgir referansar. Fastleger vil saman vere ansvarlege for god drift i samsvar med fastlegeforskrifta, og vurderast av kommunen.
Austevoll kommune har vedteke å opprette eit nytt legekontor for næringsdrivande i solopraksis i Bekkjarvik sør i kommunen. Det var tidlegare eit kommunalt legekontor på staden fram til 2017.
Fastlegeheimelen skal opprettast som ein 0-heimel.
Legekontoret skal opprettast i lokale ved Bekkjarvik torg. Utleigar har lokale og utstyr som kan brukast. Leigeavtale, bustad og utstyr må avtalast mellom den næringsdrivande legen og utleigar. Kommunen har ikkje ansvar for eventuelle tilsette ved legekontoret.
Grunnlaget for heimelen ligg i hovudsak i fastlegeforskrifta og rammeavtale ASA 4310. Kommunen legg også vekt på fastlegeordninga sitt prinsipp om personleg listeansvar.
Personlege eigenskapar
Vi søker ein triveleg, engasjert og fagleg trygg lege med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Du har eit tydeleg engasjement for allmennmedisin og for pasientane, og arbeider løysingsorientert og pliktoppfyllande i møte med både små og store utfordringar. Interesse for legevakt og akuttmedisin vil òg vektleggast.
Vi ser etter deg som har ei langsiktig motivasjon for å vere med på å utvikle eit godt og velfungerande fastlegetilbod i Bekkjarvik. Det er viktig at du har eit heilskapleg syn på fastlegetenesta si rolle i primærhelsetenesta, og at du verdset tverrfagleg samarbeid med dei kommunale helse- og omsorgstenestene.
Avtale som næringsdrivande lege som følger vilkåra i ASA 4310, i en triveleg kommune. Heimelshavar har sjølv ansvar for å sørge for kollegial fråværsdekning. Sidan heimelen er ei 0-liste er den kostnadsfri å erverve. Den vil ikkje kunne seljast vidare.
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Austevoll er ein øykommunesør-vest i Vestland fylke. Austevoll er ein av dei største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanandejobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka5 minuttar med bilfrå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på om lag 5575og dagleg pendlar omtrent700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt450 fast tilsette som er opptatt av å giinnbyggarane våre gode kommunale tenester.
Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Dette er nytt fra januar 2026 og du kan lese meir om ordninga på Lånekassen si heimeside.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!