Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Osøyro legesenter i Bjørnafjorden kommune søker fastlege i 100 % fast stilling. Du vil ha eigen pasientliste, eit moderne legekontor i oppbyggingsfase og stort utviklingspotensial, med moglegheit til påverke fagleg retning og rutinar i åra som kjem.
Kontoret ligg sentralt i Os, og du vil delta i legevaktsordning ved hovudstasjon for Bjørnafjorden og Samnanger legevakt. Vi tilbyr fastlønn, insentivavtale og ALIS-løp, eit inkluderande miljø og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Ved Osøyro legesenter i Bjørnafjorden kommune har vi ledig 100 % fast stilling som fastlege.
Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit moderne legekontor med stort utviklingspotensial. Kontoret er framleis i oppbyggings- og utviklingsfase, og du vil få høve til å påverke både fagleg retning, struktur og videre utvikling av praksisen i åra som kjem, med mål om overgang til næringsdrift.
Osøyro legesenter ligg sentralt i Os, berre ca. 2025 minutt frå Bergen med bil, og har gode bussforbindingar.
Legekontoret flytta inn i nye og moderne lokale i januar 2024. Her arbeider i dag fire legar saman med dyktige helsesekretærar i eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, fagleg engasjement og korte beslutningsvegar.
Vi er opptekne av å byggje eit stabilt, framtidsretta og godt fagmiljø, der kvalitet i pasientbehandling og trivsel på arbeidsplassen går hand i hand. Oppbygging og vidareutvikling av kontoret vil vere ein viktig del av arbeidet framover, og vi ønskjer oss ein lege som vil vere med og bidra aktivt i denne prosessen.
Ved Osøyro legesenter i Bjørnafjorden kommune har vi ledig 100 % fast stilling som fastlege.
Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit moderne legekontor med stort utviklingspotensial. Kontoret er framleis i oppbyggings- og utviklingsfase, og du vil få høve til å påverke både fagleg retning, struktur og vidare utvikling av praksisen i åra som kjem, med mål om overgang til næringsdrift.
Osøyro legesenter ligg sentralt i Os, berre ca. 2025 minutt frå Bergen med bil, og har gode bussforbindingar.
Legekontoret flytta inn i nye og moderne lokale i januar 2024. Her arbeider i dag fire legar saman med dyktige helsesekretærar i eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, fagleg engasjement og korte beslutningsvegar.
Vi er opptekne av å byggje eit stabilt, framtidsretta og godt fagmiljø, der kvalitet i pasientbehandling og trivsel på arbeidsplassen går hand i hand. Oppbygging og vidareutvikling av kontoret vil vere ein viktig del av arbeidet framover, og vi ønskjer oss ein lege som vil vere med og bidra aktivt i denne prosessen.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi ser etter deg som:
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
Ledig fastlegeheimel på nyoppretta fastlegekontor