Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Austevoll kommune søker ein fagansvarleg som vil ha ei sentral rolle i utviklinga av fagleg kvalitet i habilitering og tilbod i Lindevika-område. Du arbeider tett med avdelingsleiarar og medarbeidarar for å sikre fagleg forsvarlege tenester og god brukarmedverknad.
Stillinga krev sjølvstende, strukturert arbeidsmokusjon og evne til å prioritere mellom ulike behov. Ein fleksibel og løysingsorientert tilnærming er viktig i møte med komplekse bistandsbehov.
Helse ogvelferd er ei eining med om lag200 tilsette og blir vista av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta,miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid.Helse ogvelferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Habilitering er ei samla eining under kommunalsjef for helse og velferd. Eininga omfattar Gullsmedvegen bu og avlasting, Lindevika buteneste og Lindevika ambulante tenester.
I Lindevika gir vi tenester til personar med nedsett funksjonsevne og ulike behov for bistand, oppfølging og habilitering. Lindevika buteneste omfattar samlokaliserte bustader og døgnkontinuerlege tenester, medan dei ambulante tenestene gir oppfølging i eigen heim og på andre arenaer i lokalsamfunnet. Tenestene omfattar mellom anna praktisk bistand, opplæring, habilitering og støtte til meistring, sjølvstende og samfunnsdeltaking.
Vi arbeider for å tilby heilskaplege, individuelt tilpassa og fagleg forsvarlege tenester, med respekt for den enkelte si sjølvbestemming, medverknad og rett til eit sjølvstendig liv. Fagutvikling, kvalitet, kompetansebygging og samarbeid står sentralt i arbeidet vårt.
Vi søker ein fagansvarleg som vil ha ei sentral rolle i utviklinga av fagleg kvalitet i både Lindevika buteneste og Lindevika ambulante tenester. I tillegg vil ein vere del av felles fag - og kvalitetsteam på tvers av eining for habilitering.
Fagansvarleg vil få eit samla fagleg ansvar på tvers av samlokaliserte bistader og ambulerande tenester. Dette krev at du kan arbeide strukturert og sjølvstendig, prioritere mellom ulike behov og bidra til heilskapleg fagleg utvikling i ei teneste med varierte oppgåver og brukarbehov.
Som fagansvarleg får du eit praksisnært ansvar for fag, kvalitet, rettleiing og fagutvikling. Du skal arbeide tett saman med avdelingsleiarane og medarbeidarane, og vere ein pådrivar for gode arbeidsmetodar, systematisk kvalitetsarbeid og fagleg forsvarlege tenester.
Stillinga inneber mellom anna å:
Du vil ha eit sjølvstendig fagleg mandat og mynde til å rettleie personell, initiere faglege tiltak og følge opp vedtekne faglege endringar. Stillinga har ikkje personalansvar. Avdelingsleiarane har ansvar for den daglege drifta og personalsakene, og eit tett samarbeid mellom fagansvarleg og avdelingsleiarane er derfor avgjerande.

Vi søker deg som:
Austevoll er ein øykommunesør-vest i Vestland fylke. Austevoll er denstørste fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanandejobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka5 minuttar med bilfrå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på om lag 5400og dagleg pendlar omtrent700 til Austevoll frå nabokommunar.Vi er rundt450 fast tilsette som er opptatt av å giinnbyggarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!