A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Vest IKT søker ein erfaren AD-spesialist som vil vidareutvikle identitetsplattformane og vere ein drivkraft i overgangen til moderne autentisering som OAuth 2.0, OpenID Connect og SAML. Du blir ein viktig del av fagmiljøet og bidrar til trygg og effektiv pålogging til tenester.
Arbeidsstad er Førde, Bergen, Haugesund eller Stavanger. Du vil forvalte eit stort AD-miljø, feilsøke i tredjelinjenivå, og bidra til robust sikkerheit og gjenoppretting av identitetstenester.
Helse Vest IKT leverer IKT-tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Identitet er grunnmuren i alt vi leverer. Løysingane blir nytta av helsepersonell døgnet rundt og er kritiske for sjukehusa.
Active Directory er framleis kjernen i identitetsplattforma vår, og ho skal vere solid, sikker og godt forvalta. Samstundes er identitetsområdet i rask utvikling. Vi beveger oss mot skyidentitet og moderne protokollar som OAuth 2.0, OpenID Connect og SAML. Vi søkjer derfor ein erfaren AD-spesialist som ønskjer å vidareutvikle identitetsplattformene i Helse Vest.
Du får ei viktig rolle i fagmiljøet. Saman med resten av teamet vil du vere med på å sikre og vidareutvikle AD-plattforma, og vere ein pådrivar i overgangen til moderne identitetsløysingar. Vi arbeider aktivt for at pålogging til tenester skal vere brukervennleg, sikker og rask.
Arbeidsstad er Førde, Bergen, Haugesund eller Stavanger.
Søknadsfrist:
Det er ein fordel om du har erfaring med:
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no