A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Seksjon Lokalstøtte Sør i Helse Vest IKT søker ein teknikar til Haugesund. Rollen omfattar drift, vedlikehald og leveranse av IKT-sluttbrukarutstyr som PC-ar, skjermar, tastatur og andre enheter, samt oppfølging av reparasjonar og garanti frå leverandørar.
Du må vere serviceinnstilt, ha erfaring med feilsøking på Windows og vere i stand til å arbeide i eit stort, tverrfagleg miljø med fleksible arbeidstidsordningar.
Seksjon Lokalstøtte sør har ansvar for drift, forvalting og brukarstøtte for sluttbrukarutstyr i Helse Fonna og Helse Stavanger. Dette omfattar utstyr som vert nytta i det daglege, mellom anna PC-ar, skjermar, tastatur, mus, skrivarar, skannarar, strekkodelesarar og mykje anna.
Saman med Seksjon Lokalstøtte nord utgjer seksjonen den samla lokalstøttefunksjonen i Helse Vest IKT. Totalt er 32 teknikarar fordelte mellom Bergen, Stavanger, Haugesund og Førde. Målet vårt er å sikre at tilsette i sjukehusa på Vestlandet har velfungerande, stabile og trygge IKT-verktøy i arbeidskvardagen.
Vi søkjer no etter ein teknikar til Seksjon Lokalstøtte sør med arbeidsstad i Haugesund.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som:

Seksjonsleiar
Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
Avdeling for laboratoriemedisin, Helse Fonna HF