Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester søker engasjert fagarbeidar til nattestilling. Arbeidet krev å yte trygge, heilskaplege omsorgstenester for bebuarar med ulike funksjonsnedsettingar, og dokumentere tilsyn etter gjeldande rutinar.
Du vil samarbeide i nattevaktslaget, vidareutvikle fagleg kompetanse og sørge for livskvalitet og brukerMedverknad i eit trygt boområde ved Søfteland bufellesskap.
Vi søkjer engasjert og omsorgsfull fagarbeidar til stilling på natt.
Tilrettelagte tenester gjev tenester til born og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene for vaksne, omfattar åtte bufellesskap. I tillegg har vi avlastningssenter for barn og unge, ambulerande miljøtenester og to dagsenter. Søfteland bufellesskap ligg i eit etablert bustadområde på Søfteland, ca. 10 minutt frå Os sentrum. Her bur seks unge tenestemottakarar med varierande og samansette funksjonsnedsettingar. Vi ønskjer nye kollegaer som vil vere med å forma og vidareutvikla ein trygg og fagleg sterk arbeidsplass.
Vi søkjer engasjert og omsorgsfull fagarbeidar til stilling på natt.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil detbli generert eioffentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kanbli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?