Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune lyser ut ein 70% fast stilling i turnus, med arbeid helg og kvar tredje helg, ved Idrettsvegen bufellesskap. Tenesta gir tenestebrukarar med ulike funksjonsnedsettingar faglig omsorg og støtte i kvardagen.
Arbeidsplassen ligg i Bjørnafjorden og beskrivast som ein inkluderande arbeidsmiljø med vekt på brukarmedverknad og livskvalitet. Søkjarar med fagbrev innan helse blir spesielt vurdert, men ufaglærte i utdanningsløp til fagbrev vil også bli
Tilrettelagte tenester, for tida ved avdelingIdrettsvegen bufellesskap, har ledig 70 % fast stilling i turnus
Stillinga for tidamedarbeidshelg, kvar 3. helg m/ordinære vakter og er ledigfrå omlag 23. november -26.
ArbeidsstadTilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personer med ulike funksjonsnedsettingar. Tenesta består av 8 bufellesskap og 2 dagsenter pluss avlastningstilbod for born og unge.Idrettsvegen bufellesskap,er eit av 9 bufellesskap i eininga, og ligg nokre minutt i frå Os sentrum, og gjev tenester til 10 personar (vaksne) med ulike bistandsbehov.
ArbeidsoppgåverDu skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på godlivskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. Hos oss skal jobben handle om livskvalitet.
"Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og ståsentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistandvedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar Vi søkjer vi fortrinnsvis deg som har fagbrev innen helse.Erfaring frå målretta miljøarbeid med brukargruppa og erfaring med utfordrande åtferd, vil bli vektlagt.
Er du ufaglært og i et utdanningsløp til å ta fagbrev i helsefagarbeidarfaget, vil du også bli vurdert.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlegekvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Eigenskap mm«Kven er du?»Det viktigaste for oss er at du har eit varmt hjarte og eit godt fagleg blikk.Du er ei viktig brikke i tenestemottakaren sitt liv og må rekne med primærkontaktansvar.Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.Du er ein lagspelar som spreier energi i personalgruppa og tør å tenkje utenfor boksen når de vanlege løysingane ikkje strekk til.
Korfor velgje oss?Her får du ikkje berre ein jobb, du får moglegheit til å utgjere den største forskjellen i nokon sitt liv.Du får en meiningsfull kvardag, der du kan sjå resultatet av jobben du gjer kvar einaste dag.Du får jobbe samen med engasjerte kollegaer som brenner for det same som deg.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert offentlig søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjera unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?