Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Bjørnafjorden kommune søkjer oppmålingsingeniør frå januar 2027. Arbeidarstad er rådhuset i Osøyro. Oppgåver inkluderer oppmålingsforretningar i samsvar med matrikkellova og rettleiing av kundar.
Vi ønskjer kandidatar med høgskuleutdanning i landmåling og eigedom; erfaring frå kommunal oppmåling er ein føremon, men nyutdanna oppmodast til å søke. Ein variert arbeidsdag og godt arbeidsmiljø vert lagt vekt på.
Bjørnafjorden kommune er ein nær og varm kommune, noko som viser seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
I Bjørnafjorden kommune ønsker vi å vere framoverlente og effektive for å levere heilskaplege og innovative tenester innanfor dei tekniske tenestene i kommunen, med eit stort fokus på innbyggarane sine behov. Sektor for samfunnsutvikling har ansvar for plan, byggesak, oppmåling, landbruk, næring, innbyggarservice, kultur, samferdsle og VA, eigedom drift og prosjekt.
På kart- og oppmålingsavdelinga er det ledig fast stilling som oppmålingsingeniør frå januar 2027.
Arbeidsstad er på rådhuset Osøyro
Oppmålingsforretningar etter matrikkellova og anna oppmålingsarbeid
Rettleiing av kundar
Høgskuleutdanning med eigedoms- og landmålingsfag
Erfaring frå kommunal oppmåling er ei føremon, men vi oppfordrar også nyutdanna til å søke.
Du er strukturert, nøyaktig og har evne til å arbeida effektivt i ein travel kvardag
Du må like kombinasjonen av å arbeida ute og inne
Personlege eigenskapar vert vektlagd.
Varierte arbeidsoppgåver i alt frå tettbygde til landlege strøk.
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter gjeldande avtaler.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil detbli generert eioffentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kanbli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?