Einingsleiar PPT

Bjørnafjorden kommune

Oslo fylke

Sur place

NOK 900 000 - 1 100 000

Plein temps

Il y a 9 jours

Une candidature complète en une minute

Un CV et une lettre de motivation personnalisés, prêts à envoyer.

Passez les filtres ATS

Avantages offerts par ce poste

Ein arena for å utvikle gode tenester
Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige-ủ
Fagleg og personleg utvikling
Spennande utviklingsarbeid innan oppve
Varierte arbeidsoppgåver
Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Résumé du poste

Bjørnafjorden kommune søker einingsleiar for PPT i Familiens hus i Os. Du vil ha heilskapleg ansvar for tenestetilbodet, leie eit kraftig team og samordne med andre tenester i Oppvekst og kommunal sektor.

Vi ynskjer ein leiar som er utviklingsorientert, engasjert og flekibel, med leiarerfaring og god forståing av lovverk og avtaleverk. Førarkort og bilbruk i tenesta utgjer ein del av rolla.

Qualifications

  • Mastergrad i spesialpedagogikk, pedagogikk, psykolog eller tilsvarande.
  • Leiarerfaring.
  • Erfaring frå arbeid i PPT.
  • Økonomisk innsikt og forståing.
  • IT kompetanse knytt til ulike sakshandsamingssystem.
  • Førarkort klasse B og bruk av bil i tenesta må kunne dokumenterast.

Responsabilités

  • Heilskapleg ansvar for PPT sitt tenestetilbod.
  • Ansvar for resultat, økonomi og personal.
  • Rapportering, kvalitetsarbeid, internkontroll, HMS.
  • Deltaking i tverrfagleg samarbeid internt og eksternt.
  • Vidareutvikling av tenesta i samsvar med overordna føringar og kommunen sine verdiar.

Connaissances

Leiarerfaring
Samarbeidsevne
Strategisk tenking
IT kompetanse

Formation

Mastergrad i spesialpedagogikk, pedagogikk, psykolog eller tilsvarande

Outils

Sakshandsamingssystem

Description du poste

Blir du motivert av å arbeide med førebyggjande tiltak, bruke kompetansen din i tverrfagleg samarbeid og finne fleksible løysingar på ulike utfordringar?

Einingsleiar PPT

Blir du motivert av å arbeide med førebyggjande tiltak, bruke kompetansen din i tverrfagleg samarbeid og finne fleksible løysingar på ulike utfordringar? Då er kanskje du den rette til å leie PPT i Bjørnafjorden kommune.

Bjørnafjorden kommune har samorganisert tenestetilbodet til barn, unge og familiar i Familiens hus. I Familiens hus inngår Førebyggande helseteneste, Eininga Barn, unge og familiar, PPT og Barneverntenesta. Einingsleiar for PPT inngår i Familiens hus si leiargruppe. Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid med eit heilskapleg blikk for barn og familiar sine behov er ei viktig satsing i vår kommune.

PPT Bjørnafjorden har 17,6 årsverk. Tenesta er organisert i to geografiske team i tillegg til eigen lågterskel logopedteneste. Vi held til i fine lokale sentralt i Os sentrum. Arbeidskvardagen i PPT er prega av høgt arbeidstempo, fleksibilitet og varierte arbeidsoppgåver. Bjørnafjorden PPT består av aktive og engasjerte medarbeidarar med høg fagkompetanse. Målgruppa til tenesta er barn og ungdom frå 0 år og ut 10. trinn i grunnskulen, og med vurdering av individuell tilrettelegging tilknytt vaksenopplæringa.

PPT sitt hovudansvar er å støtte skular og barnehagar i det førebyggjande arbeidet med å sikre eit inkluderande opplæringstilbod, bidra med kompetanseheving og å utarbeide sakkunnige vurderingar i tråd med lovkrav.

Som einingsleiar har du leiaransvaret for PPT. Du må ha gode kunnskapar om det ansvarsområde som ligg til tenesta, samt forståing for andre tenesteområde i Oppvekst og i kommunal sektor. Vi ønskjer oss ein dyktig, engasjert og motiverande leiar som er opptatt av å skape tillit, og som er med på å forme ein kultur med vekt på kvalitet i tenesta. Du må ha god innsikt i lov,- og avtaleverk, og ha interesse for samskaping og nettverksarbeid.

Arbeidsoppgåver
  • Heilskapleg ansvar for PPT sitt tenestetilbod
  • Ansvar for resultat, økonomi og personal
  • Rapportering, kvalitetsarbeid, internkontroll, HMS
  • Deltaking i tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
  • Vidareutvikling av tenesta i samsvar med overordna føringar, lovverk og kommunen sine verdiar
Kvalifikasjonar
  • Mastergrad i spesialpedagogikk, pedagogikk, psykolog eller tilsvarande
  • Leiarerfaring
  • Erfaring frå arbeid i PPT
  • Økonomisk innsikt og forståing
  • IT kompetanse knytt til ulike sakshandsamingssystem

Det er nødvendig med førarkort klasse B og ein må pårekna noko bruk av eigen bil i tenesta for samarbeid med skular og barnehagar i heile kommunen.

Utanlandsk utdanning må vere godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir).

Personlege eigenskapar
  • Evne og vilje til nytenking og fleksibilitet
  • Er utviklingsorientert, kreativ og engasjert
  • Gode samarbeidseigenskapar
  • Stor arbeidskapasitet
  • Evne til å motivere og utvikle tilsette
  • Bevisst på og reflektert over eigen leiarrolle
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne
Vi tilbyder:
  • Ein arena for å utvikle gode tenester for barn og familiar
  • Eit godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige tilsette
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Arbeid i ein kommune der det pågår spennande utviklingsarbeid innan oppvekstfeltet
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Gode forsikrings - og pensjonsordningar
  • Løn etter gjeldande avtaleverk

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID -informasjon i søknadsprosessen.

Obtenez votre examen gratuit et confidentiel de votre CV.

ou faites glisser et déposez votre fichier ici.

Similar jobs

Postes similaires à comparer

Rådgjevar grunnskule PPT
Rådgjevar grunnskule PPT

REMA 1000 Giske • Voss

Sur place
NOK 520 000 - 660 000
Faglig utvikling
Pensjons- og forsikringsordning
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Styrar Line Ragnhildstveit • Koldal

Sur place
NOK 550 000 - 620 000
Pensjonsordning
Yrkesskadeforsikring
Gruppelivsforsikring
+1
Logoped
Logoped

Sogndal kommune • Sogndal

Sur place
NOK 550 000 - 700 000
Gode velferdsordningar
Høgt fagleg nivå
Fagleg og personleg utvikling
+3
Logoped
Logoped

Anne Haugen Hov • Sogndal

Sur place
NOK 520 000 - 640 000
Gode pensjonsordningar
Fleksibel arbeidstid
Fagarbeidar i turnus 100% stilling
Fagarbeidar i turnus 100% stilling

Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester • Osøyro

Sur place
NOK 420 000 - 520 000
God pensjonsordning
Yr kesskade- og gruppelivsforsikring
Løn etter gjeldande avtalar
Har du lyst til å vere med å leie skulen vår
Har du lyst til å vere med å leie skulen vår

Twoja Norwegia • Nore Neset

À distance
NOK 700 000 - 900 000
Fagleg og personleg utvikling i eitGod
Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- &
Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
+1
Har du lyst å gjera \"heima best\" til ein realitet for våre tenestemottakarar ?
Har du lyst å gjera \"heima best\" til ein realitet for våre tenestemottakarar ?

REMA 1000 Giske • Osøyro

Sur place
NOK 520 000 - 670 000
God pensjonsordning
yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Løn etter gjeldande avtalar
+1
Fagarbeidar i turnus 100% stilling
Fagarbeidar i turnus 100% stilling

Yvonne Matre • Vestland

Sur place
NOK 480 000 - 600 000
God pensjonsordning
Yrkesskadeforsikring
Gruppelivsforsikring
+1
Vil du være med å lede fremtidens PP-tjeneste i Kongsvinger?
Vil du være med å lede fremtidens PP-tjeneste i Kongsvinger?

Kongsvinger kommune • Kongsvinger

Sur place
NOK 600 000 - 800 000
Vil du jobbe ein stad der kompetansen din utgjer ein forskjell ? Tilrettelagte tenester f.t Bjørnefjorden bufellesskap har ledig:
Vil du jobbe ein stad der kompetansen din utgjer ein forskjell ? Tilrettelagte tenester f.t Bjørnefjorden bufellesskap har ledig:

Anne Turi Kvittingen • Vestland

Sur place
NOK 420 000 - 520 000
Faglege og personlege utfordringar i &
inspirerande arbeidsmiljø
Lieux principaux