Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Eide Fjordbruk søker driftsoperatør til våre lokalitetar med viktig rolle i dagleg drift. Du får varierte oppgåver og ansvar, med moglegheit for fagleg utvikling i eit framtidsretta og bærekraftig miljø.
Du bidreg i daglege operative oppgåver som levering, avslusing og klargjering/nedrigging av lokalitetar, vedlikehald av anlegg, båtar og utstyr, samt smitteførebyggjande arbeid. Vi vektlegg lagånd, læring og tryggleik.
For å nå vår visjon om å setje standarden for framtidas havbruk, er me avhengige av dyktige kollegaer på merdkanten. Me søkjer deg som er motivert for å bidra i eit innovativt og framtidsretta miljø, der kvalitet står i sentrum i alle ledd.
Me satsar på ny teknologi og berekraftige løysingar, og har fleire spanande initiativ på gang. No søkjer me flere engasjerte medarbeidarar med på laget - som vil utvikle seg saman med oss.
Om stillinga:
Som driftsoperatør vil du vere ein sentral del av den daglege drifta på våre lokalitetar. Du får ein variert arbeidskvardag med både ansvar og moglegheit for utvikling.
For oss er motivasjon, haldningar og verdiar viktig. Vi ønskjer å ha deg med på laget som er samarbeidsvillig, bevisst i eigne handlingar og som tek ansvar både for menneska rundt deg og arbeidet du utfører. Du trivst med å jobbe i team, deler kunnskap, er nysgjerrig, lærevillig og bidreg positivt til kulturen.
Verdiane våre er kompasset i alt vi gjer:
Uredd. Vi tør å satse på visjonar og på folk.
Nytenkjande. Vi utfordrar etablerte sanningar og gjer ting på nye måtar.
Ynskte kvalifikasjonar og eigenskapar
I Eide tør me å satse - både på visjonar og på folk. Me bryr oss om kvarandre, fisken vår og miljøet me driv i. Som driftsoperatør hos oss blir du ein viktig lagspelar i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Har du spørsmål knytt til stillinga, ta kontakt med drifsleder Jostein Haukanes jostein@efb.no / 95118780 eller operativ leiar britt.kari.legard@efb.no / 97521071
For meir informasjon om selskapet, sjå våre nettsider og sosiale medium www.efb.no.