A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Fjord1 AS søkjer ein matros til sambandet Eidsdal-Linge, pt. MF Norddalsfjord. Du blir ein viktig del av drifta om bord med ansvar for passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald.
Arbeidsdagen varierer med trafikk, vêr og drift, og gir ei allsidig og lærorik kvardag. Attraktive vilkår og god balanse mellom arbeid og privatliv vert lagt vekt på, med skiftordning og moglegheiter for pendling og hybelordning ved behov.
Fjord1 har no ei ledig stilling som ma tros på sambandet Eidsdal-Linge, pt. MF Norddalsfjord.
Som matros blir du ein viktig del av drifta om bord, med ansvar for fleire sentrale oppgåver som passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald.
Arbeidsdagen om bord varierer etter trafikk, vêr og drift, og gir ein kvardag som er både allsidig og lærerik. dette gir gode moglegheiter for deg som ønsker å utvikle deg vidare i faget.
Attraktiv turnus: 2 veker på, 2 veker av. Kvileordning på nattskift og lange samanhengande friperiodar gir god balanse mellom jobb, familie og fritid. For dei som ønskjer å pendle, blir det utbetalt køyregodtgjersle for halvparten av reisene til og frå jobb. Ved behov er det også moglegheit for hybelordning i Eidsdal.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Søknadsfrist:
Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med tett samarbeid og har fokus på tryggleik og god service. Du bør ha vilje til å lære, stå på når det trengst og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land.Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.