Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Eide Family på Vestlandet er eit familieeigd havbruksselskap som byggjer eit Biologi- og EBIT-senter. Som operatør tek du det operative leddet mellom biologi og EBIT, med ansvar for fôring, vekst og helsestatus i forhold til slakteplan og marknad.
Du vert ein del av eit ambisiøst team som prioriterer ein god bedriftskultur, samarbeid og kontinuerleg utvikling. Stillinga startar med tett kontroll på appetitt og fôring, og utviklar seg mot meir analyse og fagleg påverknad i eit vekstmiljø.
Vil du ta del i forme framtidas havbruk?
Eide Family er eit familieeigd havbrukskonsern på Vestlandet med lange tradisjonar og høge ambisjonar for framtida. Vi byggjer eit miljø der biologi, teknologi og marknad sit saman- med Salmon Eye som arena og symbol. Watermoon er flaggskipet vårt, og vi inviterer deg med på å forme korleis havbruk skal sjå ut for komande generasjonar.
Eide etablerer eit nytt Biologi- og EBIT-senter med ansvar for biologisk styring og forvaltning av all fisk frå om lag 1 kg og fram til slakt. Som operatør er du det operative leddet som omset biologi til EBIT – der kvar fôringsavgjerd, vekstkurve og helsestatus skal sjåast i samanheng med slakteplan og marknad. Stillinga startar med tett kontroll på appetitt og fôring, men utviklar seg over tid mot meir analyse, forbetring og fagleg påverknad.
For oss er motivasjon, haldningar og verdiar viktig. Vi ønskjer å ha deg med på laget som er samarbeidsvillig, bevisst i eigne handlingar og som tek ansvar både for menneska rundt deg og arbeidet du utfører. Du trivst med å jobbe i team, deler kunnskap, er nysgjerrig, lærevillig og bidreg positivt til kulturen.
Verdiane våre er kompasset i alt vi gjer:
Uredd. Vi tør å satse på visjonar og på folk.
Nytenkjande. Vi utfordrar etablerte sanningar og gjer ting på nye måtar.
Vi tør å satse- både på visjonar og på folk. Vi har eit motto: det viktigaste er å ha det gøy. Eit godt arbeidsmiljø er fundamentet for alt vi får til saman.
Den som intet våger, intet vinner. Vi ser etter folk som tør å prøve, som tek læring med vidare, og som har lyst til å vere med å forme korleis Watermoon skal driftast i kommersiell skala.
Vi er eit familieeigd selskap som tenkjer i generasjonar- ikkje i kvartal. Du kjem inn i ei verksemd i sterk utvikling, og du får utvikle deg saman med oss.
Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med Ida Sørheim / 918 14 068 /ida.sorheim@efb.no