Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Alver kommune søkjer etter ein driftsansvarleg til reinhaldsavdelinga. Stillinga er 50% reinhald og 50% administrativt, og du inngår i eit lite team som deler dagleg drift og eigen portefølje.
Normalarbeidstida er tidleg, og arbeidsgivar stiller med arbeidsbil slik at du også kan kjøre i varierte veg- og føreforhold gjennom året. Du bidrar til god service og godt arbeidsmiljø i avdelinga.
Me søkjer etter deg som er engasjert, serviceinnstilt og fagleg interessert i reinhald, og søkjer etter ein driftsansvarleg til reinhaldsavdelinga vår. Du vil inngå i eit team med 2 andre driftsansvarlege som deler den daglege drifta og vil ha ansvar for eigen portefølje. Du må og rekna med noko arbeid i drift. Det er ei fordeling i stillinga med 50% reinhald og 50% administrativt.
Me har ein spennande og variert arbeidskvardag, både administrative og operative oppgåver knytte til reinhald, og me har eit arbeidsmiljø som er godt og inkluderande. Du vil vera ein nøkkelperson i organisasjonen, og bidra til å sikra god drift og motiverte medarbeidarar.
Arbeidsoppgåver inkluderer blant anna å samarbeida tett med avdelingsleiar og andre i organisasjonen. Stillinga har ikkje personalansvar men oppfølgingsansvar, sørgja for at tilsette følgjer instruksar og rutinar, sikre kvalitet og stabilitet i leveransane våre.
Normalarbeidstida er kl. 06:30 - 14:00. Arbeidsgivar stiller med arbeids bil, og det er viktig at du trivst med å køyra bil heile året rundt på ulik veg- og føreforhold.
Reinhaldsavdelinga er bemanna med ca. 70 tilsette og har 3 ansvarsområder som vert koordinert av kvar sin driftsansvarleg. Reinhald er organisert som avdeling i tenesteområde drift- og vedlikehald, og arbeidsområdet vårt er heile den vidstrakte kommunen.
Avdelinga driftar 5 vaskeri ved institusjonar, og alt reinhaldsareal ved dei forskjellige bygga kommunen disponerar. I tillegg bistår vi ved ned- og utvask av kommunale bustader.
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet og organisasjonen. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling.
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video:
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 70 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald, Helse Bergen HF