Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Sterilsentralen ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen søkjer vikarar for 100% stilling ved Sterilsentralen. Arbeidet omfattar reinhald, kontroll og sterilisering av kirurgisk utstyr, samt kommunikasjon med avdelingane og deltaking i ansvarsoppgåver etter opplæring.
Stillinga gir tett oppfølging frå ein fast mentor, eit godt arbeidsmiljø og fleirs vår turnusordning (dag, kveld, natt). Krav om tilrettelegging og oppdateringar vert understreka.
Sterilsentralen er ei produksjonseining i endring. Vi planlegg flytting av dagens Sterilsentral. Vi skal inn i nye lokale som er under testing. Vi samlar reingjering, desinfeksjon og sterilisering av kirurgisk gjenbruksutstyr frå alle einingar i sjukehuset. Dagens oppgåver i Sterilsentralen vil endrast i takt med denne utviklinga.
Sterilsentralen er ein seksjon i Sterilforsyning og støtteavdelinga som leverer sterilt fleirgongsutstyr til avdelingane som utfører pasientbehandling. Vi mottar mange typar kirurgisk utstyr som skal kontrollerast, pakkast og steriliserast etter nasjonal og internasjonal standard. Vi tel rundt 50 tilsette, og er ein travel seksjon med korte leveringsfristar. Vi leverer til avdelingar i heile sjukehuset,- også til avdelingar med avstand der leveranse med bil er nødvendig.
Vi har ledig 2 vikariat frå snarast. Vikariata er frå snarast og til 31.03.2027 mef mogleg forlenging.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Seksjonsleiar
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald, Helse Bergen HF
Drift/teknisk divisjon, Hospitaldrift reinhald, Helse Bergen HF