Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Time kommune søker ein digitaliseringsrådgjevar som skal knyta saman behov i tenestene med moglegheitene i teknologi. Du blir med i arbeidet med god systemforvalting, utvikling av arbeidsprosessar, opplæring og gevinstrealisering i helsetenester og velferd.
Rolla inneheld ansvar for å knyta kontakt mellom leiarar, fagmiljø og leverandørar, i arbeidet med innføring av ny elektronisk pasientjournal og andre e-helseløysingar.
Vil du gjera teknologi om til betre tenester og ein enklare arbeidskvardag?
Time kommune søkjer ein digitaliseringsrådgjevar som vil arbeida i skjeringspunktet mellom menneske, arbeidsprosessar og teknologi. Hos oss får du vera med og utvikla helse- og velferdstenestene, forenkla arbeidsprosessar og sørgja for at digitale løysingar gir reell verdi for innbyggarar og tilsette.
Helse- og velferdstenestene står framfor store endringar. Fleire eldre, større tenestebehov og færre i arbeidsfør alder gjer at me må arbeida smartare. Digitalisering handlar derfor ikkje berre om nye system, men om å skapa tryggare tenester, betre flyt og meir tid til dei oppgåvene som krev menneskeleg kompetanse.
I denne rolla får du eit særleg ansvar for å knyta saman behova i tenestene med moglegheitene i teknologien. Du skal bidra til god systemforvalting, utvikling av arbeidsprosessar, opplæring og gevinstrealisering. Time kommune skal innføra ny elektronisk pasientjournal i 2027. Du vil få ei sentral rolle i innføringa, og i det vidare utviklingsarbeidet.
Stillinga er organisatorisk plassert i avdelinga Digitalisering og dokumentforvaltning og arbeider tett med leiinga, fagmiljøa og fagutviklarane i Helse og velferd. Du vil òg samarbeida med leverandørar og faglege nettverk, mellom anna gjennom DigiJæren og DigiRogaland.
Det er ein fordel om du har
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Amund Junge, Leder, 40237056, amund.junge@time.kommune.no
Arne Garborgs veg 32
4344BRYNE
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5201209384
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.