Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Helse Fonna HF i Stord søkjer ei bioingeniør som vil vere med i eit sterkt fagmiljø og levere trygg, presis og effektiv laboratoriedrift for pasientar. Stillinga er i tredelt turnus med varierte arbeidsoppgåver og god opplæring.
Oppgåvene inkluderer prøvetaking, analyse i klinisk kjemi/hematologi/koagulasjon/immunologi, arbeid i blodbank og vedlikehald av utstyr. Me tilbyr fast stilling og meiningsfulle arbeidsdaga med fokus på pasienttryggleik.
Vil du ha ein variert jobb der du både møter pasientar og arbeider med analysar som er viktige for behandlinga deira?
Vi er på jakt etter ein bioingeniør som ynskjer ein spennande og variert arbeidsdag. Du får jobbe i eit sterkt fagmiljø der du blir sett, utfordra og får utvikle deg.
Stillinga inngår i tredelt turnus, og du blir ein del av eit team som jobbar for trygg, presis og effektiv laboratoriedrift for pasientane våre.Vi er stolte over det gode arbeidsmiljøet og vi tek godt imot nye kollegaer. God og grundig opplæring vil bli gitt.
Det vil vere god moglegheit for fast stilling.
Hos oss får du:
Variasjon - ingen dagar er like! Du får oppgåver innan fleire laboratoriefagområde.
Sterkt fagmiljø - erfarne, dyktige kollegaer som gir deg ei trygg og god opplæring.
Utviklingsmoglegheiter - du får ansvar, kompetansebygging og rom til å lære.
Godt arbeidsmiljø - vi heier på kvarandre og har fokus på samarbeid og trivsel.
Meiningsfull jobb - resultata dine betyr noko for pasientar kvar einaste dag.
Vi ser etter deg som:
Vi legg vekt på personleg eignaheit.
Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ragnhild Pedersen,Funksjonsleiar - Laboratoriet Stord,+47 45661893,ragnhild.pedersen@helse-fonna.no
Tysevegen 64
5416STORD
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5187663475
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 31.03.2028
Søknadsfrist: 20.10.2026