Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Laboratoriet ved Stord sjukehus søker ein bioingeniør til ein variert og utviklingsorientert arbeidsdag. Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø som gjev grundig opplæring og fokus på trygg, presis og effektiv laboratoriedrift for pasientane.
Arbeidsoppgåvene inkluderer prøvetaking og pasientkontakt i poliklinikk og sengepost, analysearbeid innan klinisk kjemi, hematologi, koagulasjon og immunologi, samt arbeid i blodbank og vakt i tredelt turnus.
Vil du ha ein variert jobb der du både møter pasientar og arbeider med analysar som er viktige for behandlinga deira?
Vi er på jakt etter ein bioingeniør som ynskjer ein spennande og variert arbeidsdag. Du får jobbe i eit sterkt fagmiljø der du blir sett, utfordra og får utvikle deg.
Stillinga inngår i tredelt turnus, og du blir ein del av eit team som jobbar for trygg, presis og effektiv laboratoriedrift for pasientane våre. Vi er stolte over det gode arbeidsmiljøet og vi tek godt imot nye kollegaer. God og grundig opplæring vil bli gitt.
Det vil vere god moglegheit for fast stilling.
Hos oss får du:
Vi ser etter deg som:
Vi legg vekt på personleg eignaheit.
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.