An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Helse Fonna i Norge søkjer etter ein bioingeniør som ønskjer ein spanande og variert arbeidsdag. Du vil jobbe i eit sterkt fagmiljø der du blir sett og utfordra, og du får utvikle deg gjennom god og grundig opplæring.
Stillinga er i tredelt turnus og du blir ein del av eit team som arbeider for trygg, presis og effektiv laboratoriedrift for pasientane våre. Vi har godt arbeidsmiljø og opplæring vil bli gitt.
Vil du ha ein variert jobb der du både møter pasientar og arbeider med analysar som er viktige for behandlinga deira?
Vi er på jakt etter ein bioingeniør som ynskjer ein spennande og variert arbeidsdag. Du får jobbe i eit sterkt fagmiljø der du blir sett, utfordra og får utvikle deg.
Stillinga inngår i tredelt turnus, og du blir ein del av eit team som jobbar for trygg, presis og effektiv laboratoriedrift for pasientane våre.Vi er stolte over det gode arbeidsmiljøet og vi tek godt imot nye kollegaer. God og grundig opplæring vil bli gitt.
Det vil vere god moglegheit for fast stilling.
Variasjon - ingen dagar er like! Du får oppgåver innen fleire laboratoriefagområde.
Sterkt fagmiljø - erfarne, dyktige kollegaer som gir deg ei trygg og god opplæring.
Meiningsfull jobb - resultata dine betyr noko for pasientar kvar einaste dag.
Vi legg vekt på personleg eignaheit.
Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.