Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Helse Fonna søker ein bioingeniør som vil arbeide i eit variert og meiningsfullt team. Stillinga inkluderer tre-delt turnus og fokus på trygg, presis og effektiv laboratoriedrift for pasientane.
Du vil delta i analysearbeid innan klinisk kjemi, hematologi, koagulasjon og immunologi, bruke og vedlikehalde laboratorieinstrument, og få god opplæring i eit sterkt fagmiljø der nyutdanna også er velkomne.
Vil du ha ein variert jobb der du både møter pasientar og arbeider med analysar som er viktige for behandlinga deira?
Vi er på jakt etter ein bioingeniør som ynskjer ein spennande og variert arbeidsdag. Du får jobbe i eit sterkt fagmiljø der du blir sett, utfordra og får utvikle deg.
Stillinga inngår i tredelt turnus, og du blir ein del av eit team som jobbar for trygg, presis og effektiv laboratoriedrift for pasientane våre.Vi er stolte over det gode arbeidsmiljøet og vi tek godt imot nye kollegaer. God og grundig opplæring vil bli gitt.
Det vil vere god moglegheit for fast stilling.
Variasjon - ingen dagar er like! Du får oppgåver innan fleire laboratoriefagområde.
Sterkt fagmiljø - erfarne, dyktige kollegaer som gir deg ei trygg og god opplæring.
Meiningsfull jobb - resultata dine betyr noko for pasientar kvar einaste dag.
Vi legg vekt på personleg eignaheit.
Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.