Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Austevoll kommune søker avdelingsleiar for Lindevika buteneste. Du får ansvar for dagleg drift, personal og økonomi i ei avdeling som tilbyr bustader og heimetenester. Stillinga vert leidd i tett samarbeid med andre leiarar og fagpersonar for å sikre trygge, personcentrerte tenester.
Vi søkjer høgskuleutdanning innan helse- / sosial- eller pedagogiske fag og autorisasjon. Erfaring frå helse- og omsorgstenester og leiarerfaring blir vektlagt, og søkjarar med leiarutdanning vil verte vurderte.
Helse ogvelferd er ei eining med om lag200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta,habilitering, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid.Helse ogvelferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Lindevika buteneste er ei avdeling under habiliteringstenesta. Avdelinga yter praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med ulike funksjonsnedsetjingar. Nokre tenester er knytte til bufellesskap med heildøgnsbemanning, medan ein stor del av tenesta blir gitt i heimar ulike stader i kommunen.
Vi har ledig vikariat som avdelingsleiar i Lindevika buteneste. Stillinga er ledig i perioden september 2026 til og med desember 2027, med mulighet for forlenging.
Som avdelingsleiar i Lindevika buteneste får du ansvar for dagleg drift, personal, turnus, økonomi og fagleg kvalitet. I eit tett samarbeid med avdelingsleiar for ambulerande tenester leier du ei avdeling med både døgnbemanna bustader og tenester til personar som bur i eigen heim. Stillinga inneber tett samarbeid med einingsleiar for habilitering, avdelingsleiar innan habilitering, fagansvarleg, medarbeidarar, tenestemottakarar, pårørande og andre samarbeidspartnarar. Du får ei viktig rolle i å utvikle trygge, personsentrerte og framtidsretta tenester.
Helse ogvelferd er ei eining med om lag200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta,habilitering, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid.Helse ogvelferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Lindevika buteneste er ei avdeling under habiliteringstenesta. Avdelinga yter praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med ulike funksjonsnedsetjingar. Nokre tenester er knytte til bufellesskap med heildøgnsbemanning, medan ein stor del av tenesta blir gitt i heimar ulike stader i kommunen.
Vi har ledig vikariat som avdelingsleiar i Lindevika buteneste. Stillinga er ledig i perioden september 2026 til og med desember 2027, med mulighet for forlenging.
Som avdelingsleiar i Lindevika buteneste får du ansvar for dagleg drift, personal, turnus, økonomi og fagleg kvalitet. I eit tett samarbeid med avdelingsleiar for ambulerande tenester leier du ei avdeling med både døgnbemanna bustader og tenester til personar som bur i eigen heim. Stillinga inneber tett samarbeid med einingsleiar for habilitering, avdelingsleiar innen habilitering, fagansvarleg, medarbeidarar, tenestemottakarar, pårørande og andre samarbeidspartnarar. Du får ei viktig rolle i å utvikle trygge, personsentrerte og framtidsretta tenester.
Austevoll er ein øykommunesør-vest i Vestland fylke. Austevoll er denstørste fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanandejobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka5 minuttar med bilfrå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400og dagleg pendlar omtrent700 til Austevoll frå nabokommunar.Vi er rundt450 fast tilsette som er opptatt av å giinnbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordninger. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!