Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Helse ogvelferd i Lindevika buteneste sokner til kommunal avdeling. Einingsleiing søkjer avdelingsleiar, og stillinga er som vikariat frå september 2026 til desember 2027 med mogleg forlenging. Du får ansvar for dagleg drift, personal, turnus, økonomi og fagleg kvalitet.
Du vil leia ei avdeling med døgnbemanna bustader og tenester til personar i eigen heim. Du kjem tett på samarbeid med habiliteringsleiing og andre faglege ansvarlege, medarbeidarar og pårørande.
Helse ogvelferd er ei eining med om lag200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta,habilitering, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid.Helse ogvelferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Lindevika buteneste er ei avdeling under habiliteringstenesta. Avdelinga yter praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med ulike funksjonsnedsetjingar. Nokre tenester er knytte til bufellesskap med heildøgnsbemanning, medan ein stor del av tenesta blir gitt i heimar ulike stader i kommunen.
Vi har ledig vikariat som avdelingsleiar i Lindevika buteneste. Stillinga er ledig i perioden september 2026 til og med desember 2027, med mulighet for forlenging.
Som avdelingsleiar i Lindevika buteneste får du ansvar for dagleg drift, personal, turnus, økonomi og fagleg kvalitet. I eit tett samarbeid med avdelingsleiar for ambulerande tenester leier du ei avdeling med både døgnbemanna bustader og tenester til personar som bur i eigen heim. Stillinga inneber tett samarbeid med einingsleiar for habilitering, avdelingsleiar innan habilitering, fagansvarleg, medarbeidarar, tenestemottakarar, pårørande og andre samarbeidspartnarar. Du får ei viktig rolle i å utvikle trygge, personsentrerte og framtidsretta tenester.
Formelle kvalifikasjonskrav
Personlege eigenskapar