A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Aurland kommune søker avdelingsleiar ved avdeling institusjonstenester frå 18. januar 2027. Stillinga er 100% fast og underlagt kommunalleiar for helse og omsorg.
Du blir ein del av leiargruppa og vil bidra inn i utviklingsarbeid, omstilling og strategiske prosessar for heilskaplege og framtidsretta tenester. Avdelingsleiar har ansvar for fag, personal, økonomi og drift i avdelinga, med 24 institusjonsplassar ved Aurland helsetun og tilstøtande avdelingar.
Avdelinga institusjonstenester i Aurland kommune har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar frå 18. januar 2027.
Vi søkjer no ein engasjert og tydeleg leiar som ynskjer å vere med på å vidareutvikle tenestene våre. Vi ser etter deg som er utviklingsorientert, tek initiativ og trivst med ansvar og nye utfordringar.
Stillinga er direkte underlagt kommunalleiar for helse og omsorg. Som avdelingsleiar vil du vere ein del av leiargruppa og bidra aktivt i utviklingsarbeid, omstilling og strategiske prosessar for å sikre heilskaplege og framtidsretta tenester.
Avdelingsleiar har det overordna ansvaret for fag, personal, økonomi og drift i eiga avdeling.
Det er 24 institusjonsplassar som er samla ved Aurland helsetun og omfattar langtidsavdeling, korttidsavdeling og skjerma avdeling. Institusjonskjøkkenet produserer mat til både bebuarar ved helsetunet og heimebuande brukarar, og har eigen fagleiar.
Aurland kommune har som mål at innbyggjarane skal kunne leve aktive og sjølvstendige liv, og ta medansvar for eiga helse. Helse- og omsorgstenestene skal vere heilskaplege, samordna og prega av førebygging, helsefremjing og høg kvalitet.
Ved institusjontenester er det tilsette med god kompetanse med pasienten i fokus.
Avdelinga er inne i ei spanande utvikling med fleire viktige endringar dei komande åra. Vi nyttar journalsystemet Profil i dag, som etter planen skal bytast ut med eit nytt system i 2027. Det komande året skal vi også ta i bruk digital vaktbok og kalenderplan.
Det er vidare ein pågåande prosess med å etablere fagansvarleg i alle avdelingar. Som avdelingsleiar vil du samarbeide tett med fagansvarleg for å styrkje fagutvikling, kvalitet og gode tenester til brukarane. Du vil ha ei sentral rolle i å leie og følgje opp endringsarbeidet i avdelinga.
I Aurland kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennomLånekassen si nye ordning for distriktskommunar.Sjå meir informasjon ved å fylgje lenka:
Vi vil legge vekt på at du er eigna til stillinga, og vil at du:
Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Særskilt god skriftleg, og munnleg, framstillingsevne er viktig i stillinga.
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kangjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no . Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Vi ønsker å vere Noreg si fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Vi er om lag 1 900 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes kino, basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.