Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Sula kommune i Langevåg søker engasjerte vernepleiarar/sjukepleiarar til fast heiltid i Bu- og aktivitetstenesta. Du vil yte fagleg forsvarlege tenester, vurdere og tilrettelegge hjelp, og samarbeide med pårørande og kollegaer i ei utviklande eining.
Turnusarbeid med utvida vakter og helgeordningar er vanlege. Søkjarar med helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning eller pedagogisk utdanning blir vurdert, men fortrinnsvis vernepleiar/sjukepleiar.
Er du ein som har eit stort hjarte for å jobbe med menneske og vil bidra med å gjere dagane god for dei som trenger støtte og hjelp i kvardagen. Kanskje er du vår nye kollega?
Vi skal styrke vår faglege kompetanse og søkjer engasjerte og dyktige medarbeidarar- fortrinnsvis vernepleiar eller sjukepleiar, men andre med relevant bachelorgrad vil og bli vurdert.
Som tilsett i Bu- og aktivitetstenesta hardu ansvar for å sikre at vi gir fagleg forsvarlege tenester til våre tenestemottakarar. I vår eining får du samarbeide med engasjerte og dyktige kollegaer med varierande kompetansebakgrunn. Du vil få faglege utfordringar i arbeidsoppgåver i ei eining i utvikling. Vitilbyr fadderordning og god opplæring.
Vi har ledig:
2 x 100 % fast stilling som fortrinnsvis vernepleiar/ sjukepleiar, andre med helse og sosialfagleg høgskuleutdanning eller pedagogisk utdanning vil bli vurdert.
Stillingane er ledig frå snarast.
Siste års vernepleiarstudentar vert oppmoda til å søkje.
Bu- og aktivitetstenesta yter tenester tilpersonarmed ulike typar hjælpebehov. Tenestemottakarane er personar med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting , aktivisering og opplæring ved arbeidssenter/dagsenter, privat avlastning og avlastning i institusjon, støttekontakt og brukarstyrt personleg assistanse.
Jetmundgarden er ei avdeling med åtte bueiningar der arbeidetbestår i praktisk og personleg bistand til alle dagleglivets gjeremål. Avdelinga yter heildøgnomsorg til menneske med ulike funksjonsvariasjonar som autismespekterforstyrringar og psykiske vanskar. Vi arbeidar for at tenestemottakarane skal oppleve kvardagsmeistring og sosial deltaking i samfunnet. Dette gjennom å fremje meistring og inkludering i samfunnet gjennom tilrettegging og meistringskjensle. Du skal som tilsett sikre brukarmedverknad og gje god kvalitet på tenesta. Du skal rettleie tenestemottakar, samarbeide med pårørande, kollegaer og studentar.
Avdelinga har fokus på kompetanseløft og nokre av satsingsområda er målretta miljøarbeid og positiv åtferdstøtte.
Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Avdelingane har turnusordning med utvida arbeidstid f.t. 12,25 og 13-timarsvakter med arbeid3. kvar helg.
Jetmundgarden bufellesskap har årsturnus der du kan vere med å påvirke arbeidstida di.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.