Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Anestesi Volda har ledig 100 % fast stilling som anestesisjukepleiar frå 31.03.2027. Operasjonsavdeling Volda har 5 stover med kirurgiske inngrep innan ortopedi, gastro, uro, gyn og føde, vi deltek på Stans, Traume, medisinske team, samt gir anestesiservice på utpostar som td. ect, gastro og MR.
DU vert velkomen til å arbeide i lag med aktive, engasjerte og kjekke anestesisjukepleiarar, med fokus på pasienttryggleik, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.
Anestesi Volda har ledig 100 % fast stilling som anestesisjukepleiar frå 31.03.2027.
Operasjonsavdeling Volda har 5 stover med kirurgiske inngrep innan ortopedi, gastro, uro, gyn og føde, vi deltek på Stans, Traume, medisinske team, samt gir anestesiservice på utpostar som td. ect, gastro og MR. Er dette noko for deg, så er DU velkomen til å arbeide i lag med aktive, engasjerte og
kjekke anestesisjukepleiarar.
Personleg eignaheit blir vektlagt ved tilsetting.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo fra Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her .- Og her .
Martin Eide,Seksjonsleiar, martin.eide1@helse-mr.no
Kløvertunvegen 1
6103Volda
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5201290165
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2026
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openhet og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal.
Ferievikar 2027 - Sjukepleiar, barnepleiar, sjukepleiarstudentar m.m.
Ferievikar 2027 -Sjukepleiar, vernepleiar, studentar m.m.