An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Universitetet i Bergen søker ein leiar for Klinisk institut 2 (K2) som kan leie administrasjonen og sikre god drift og samhandling. Stillinga rapporterer til instituttleiar og inngår i leiaren si gruppe.
Den ideelle kandidaten har leiarerfaring, relevant administrativ bakgrunn og god kjennskap til relevante lover og reglar. Dei neste åra vil omstilling og strategi vere sentrale tema.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
Ved Klinisk institutt 2 (K2), Det medisinske fakultet, er det ledig ei leiarstilling som administrasjonssjef (100 %) med tilsetjing frå januar 2027, eller etter avtale. Administrasjonssjefen ved K2 rapporterer til instituttleiar og inngår i instituttleiar si leiargruppe.
Klinisk institutt 2 er ei klinisk og translasjonell forskingseining som byggjer på tett samarbeid mellom klinikarar og forskarar. Instituttet utfører medisinsk forsking, rettleiing, formidling og undervisning på eit høgt internasjonalt nivå. Instituttet har viktige oppgåver innan medisinutdanninga, ulike mastergradprogram og Ph.d.-program innan medisin, odontologi, farmasi og ernæring. Ei viktig satsing dei neste åra er å utvide fleircampusmodell for medisinutdanninga (Vestlandslegen) til Førde og Haugesund, i tillegg til Bergen og Stavanger.Instituttet er lokalisert på Campus Haukeland, samt på Haraldsplass diakonale sykehus.
Vi ser etter ein positiv og miljøskapande leiar som finn det inspirerande å jobbe i eit miljø med stor breidde. Den vi ser etter, har god kapasitet for sjølvstendig, strukturert og resultatorientert arbeid. Du trivst med eit høgt aktivitetsnivå med varierte arbeidsoppgåver på instituttet, og du har glede av å lukkast saman med andre. Du bør vere grundig og systematisk og samtidig sjå innovative løysingar som kan frigjere kapasitet frå operasjonelle til meir strategiske leiaroppgåver. Dei neste åra vil bruk av kunstig intelligens verte stadig viktigare, og det er viktig at du er nysgjerrig og kreativ når det gjeld denne utviklinga.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
For å vere kvalifisert er det i tillegg eit krav at du har:
Vidare er det eit føremon om du har:
Vi ser etter deg som har svært gode samarbeidsevner og evne til å forstå og kommunisere godt med fagmiljøa ved instituttet. Du må kunne vise til resultat og ha ein god planleggingsevne.
Vi søkjer ein person med
Vi ser fram til å høyre frå kvalifiserte kandidatar som er klare til å bidra til å ta instituttet videre.
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Silke Appel,silke.appel@uib.no , tlf. 41080067; eller fakultetsdirektør Synnøve Myhre, e-post:synnove.myhre@uib.no , tlf: 93484614. For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Synne Campbell,synne.campbell@uib.no , tlf. 55585298.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hòl i CV-en til å søkje. Dersom du kryssar av for dette i søknaden, kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsetjingsprosessenher .
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.