Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Fjord1 vil tilby ei opplæringsstilling som 2. maskinist på sambandet Arsvågen – Mortavika. Du ønskjer å byggje ein langsiktig karriere og vil få tett rettleiing frå erfarne kollegaer, med moglegheit for overgang til 1. maskinist og vidare til maskinsjef.
Turnusordning med 2 veker arbeid og 4 veker fri gir god balanse mellom arbeid og fritid. Reisekostnader dekka frå Fjord1 og du vil arbeide på fleire fartøymed i sambanda, noko som gir variert erfaring.
Fjord1 har oppretta opplæringsstilling som 2. maskinist på sambandet Arsvågen – Mortavika.
Dette er ei unik moglegheit for deg som har ambisjonar om å bli maskinsjef og ønskjer ei langsiktig karriere hos oss. Du blir tilsett som 2. maskinist og får tett oppfølging og rettleiing frå erfarne kollegaer. Når den forventa kompetansen er oppnådd, vil du kunne tre inn i ledige stillingar som 1. maskinist – med mål om å utvikle deg vidare til maskinsjef.
Turnusordninga er 2 veker på arbeid og 4 veker fri, noe som gir moglegheit for god balanse mellom arbeid og fritid. I arbeidsperioden bur du om bord, og reise til og frå arbeidsstaden vert dekt av Fjord1.
Dette sambandet er ein av dei mest trafikkerte ferjestrekningane i landet – her er det alltid aktivitet, og du får ein jobb der dagane går fort og utfordringane er spennande.I denne stillinga må ein rekne med å tjenestegjere på alle fartøya i sambanda,per i dag MF Boknafjord, MF Stavangerfjord, MF Mastrafjord, MF Raunefjord og MF Bergensfjord . Du vil også inngå i ei alterneringsordning mellom teneste i maskin- og dekksavdelinga.
Tilsetjing skjer etter avtale, med ønskje om oppstart snarast mogleg.
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land.Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.