Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Fjord1 søker maskinsjef til sambandet Stranda-Liabygda om bord på MF Sunnylvsfjord. Stillinga er heiltid og fast, med ansvar for teknisk leiing, vedlikehald av maskineri og energisystem, og samarbeid med skipsførar for å sikre ISM-krav.
Turnusordninga er 2 veker på/2 veker av, med døgnvakter og moglegheit for lang fri mellom oppdrag. Vi tilbyr konkurransedyktig lønn i tråd med lokale protokollar, godt arbeidsmiljø, firmahytter og rabattordningar.
Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Stranda-Liabygda, p.t. trafikkert av vår nybygde EL-ferje MF Sunnylvsfjord.
Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerhet på sambandet.
Attraktiv turnusordning med døgnvakter. Du arbeider i ein 2:2-turnus med to veker på og to veker fri. I arbeidsperioden har du fri annan kvart døgn, noko som gir gode moglegheiter for kvile og fritid også når du er på jobb. Dette gir ein særs god balanse mellom arbeid og fritid, med lange samanhengande friperiodar.
Fjord1 - Maritim Drift
Stranda Municipality
Maskinsjef i sambandet Stranda-Liabygda, p.t. MF Sunnylvsfjord
1
Heiltid
Fast
100
Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Adresse: Liabygda ferjekai, 6212 Stranda Municipality, Norge
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.