An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Fjord1 AS søker ein 1.maskinist til sambandet Arsvågen–Mortavika, MF Raunefjord. Arbeidsordninga er dagskift med 2 veker on og 2 veker fri, med ei veke på 85 timar. Mogleg å bu om bord eller reise heim etter vakt.
Du blir maskinsjefen sin stedfortredar med stort ansvar. Opplæring i maskinfaget og ISO-standardar som ISO 50001 vil vere fokus, og jobbinga skjer i eit travel, trygt ferjesamband.
Vi søker no etter ein 1.maskinist til sambandet Arsvågen–Mortavika, p.t. MF Raunefjord.
Arbeidsordninga er dagskift, 2 veker på og 2 veker fri, med ei arbeidsveke på 85 timar. Du kan reise heim etter endt vakt, men det er og mogleg å bu om bord dersom du ønsker det. Dette er ei ordning som gir god balanse mellom jobb, familieliv og fritid.
I rolla som 1. maskinist har du eit stort ansvar i drifta av fartøyet og fungerer som maskinsjefen sin stedfortredar.Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og bygge kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta.Du vil her jobbe på eit av dei mest trafikkerte ferjesambanda, i ein travel, men trygg kvardag med godt samarbeid.
Oppstart er så snart som mogleg, men endeleg oppstartstidspunkt vert avtalt nærare.
Aktuelle kandidatar blir vurderte og tilsette fortløpande.
Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert 1.maskinist med teknisk innsikt, og god kommunikasjonsevne. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag.
E39
5561Føresvik
Arbeidsgiver: Fjord1 AS
Referansenr.: 5174081306
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.09.2026