Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Fjord1 ASA tilbyr ein spesiell opplæringsstilling som 2. maskinist på sambandet Arsvågen – Mortavika. Du får tett oppfølging fra erfarne kollegaer og moglegheit til å gå vidare til 1.
maskinist og maskinsjef. Turnusen er 2 veker arbeid og 4 veker fri; du bur om bord og reisekostnader vert dekte av Fjord1. Arbeidsstaden er ein av dei mest trafikkerte ferjestrekningane i landet, med fortsatt aktivitet og utfordringar.
Fjord1 har oppretta opplæringsstilling som 2. maskinist på sambandet Arsvågen – Mortavika.
Dette er ei unik moglegheit for deg som har ambisjonar om å bli maskinsjef og ønskjer ei langsiktig karriere hos oss. Du blir tilsett som 2. maskinist og får tett oppfølging og rettleiing frå erfarne kollegaer. Når den forventa kompetansen er oppnådd, vil du kunne tre inn i ledige stillingar som 1. maskinist – med mål om å utvikle deg vidare til maskinsjef.
Turnusordninga er 2 veker på arbeid og 4 veker fri, noe som gir moglegheit for god balanse mellom arbeid og fritid. I arbeidsperioden bur du om bord, og reise til og frå arbeidsstaden vert dekt av Fjord1.
Dette sambandet er ein av dei mest trafikkerte ferjestrekningane i landet – her er det alltid aktivitet, og du får ein jobb der dagane går fort og utfordringane er spennande.I denne stillinga må ein rekne med å tjenestegjere på alle fartøya i sambanda,per i dag MF Boknafjord, MF Stavangerfjord, MF Mastrafjord, MF Raunefjord og MF Bergensfjord . Du vil også inngå i ei alterneringsordning mellom teneste i maskin- og dekksavdelinga.
Tilsetjing skjer etter avtale, med ønskje om oppstart snarast mogleg.
Vi søkjer ein sjølvstendig og løysningsorientert maskinist med teknisk innsikt. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne til å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjerande.Dette er eigenskapar som vil gjere deg til ein verdifull ressurs i teamet vårt og sikre ein god flyt i kvardagen på sjøen! Om desse eigenskapane beskriver deg, tek vi med glede imot din søknad!