A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Bergen katedralskole søkjer deg som er ein pedagog med hjarta for at kvar enkelt kan vere den dei er og utvikle seg som menneske både fagleg og sosialt.
Skulen har lange tradisjonar, eit sterkt fagleg miljø og stort samfunnsengasjement hjå elevar og tilsette. Vi legg vekt på inkludering, samarbeid og elevmedverknad i Bergen sentrum.
Du vil vere med på å oppretthalde eit open og inspirerande læringsmiljø og bidra til god undervisning og fagleg utvikling for elevane.
Er du ein pedagog med hjarte for at kvar enkelt kan få vere den dei er og utvikle seg som menneske både fagleg og sosialt?
Ynskjer du å jobbe på ein skule med lange tradisjonar, der det er eit godt fagleg miljø og stort samfunnsengasjement hos både hos elevar og tilsette?
Da kan Bergen katedralskole vere staden for deg!
Bergen katedralskole vart grunnlagd i 1153 og er med det ein av dei eldste skulane i landet. Skulen har om lag 1300 elevar fordelt på tre stader i Bergen sentrum og tilbyr følgjande:
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.