Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Bergen søker ein Seksjonsleiar lege ved Radiologisk avdeling, ei av landets største radiologiske avdelingar, med hovudansvar for medisinsk fagleg drift og leiing av LIS-legar.
Du skal arbeide tett med avdelingsdirektør og leiargruppe, og bidra til utvikling av diagnostiske metodar, KI-verktøy og tverrfagleg samarbeid ved sjukehuset.
Ønsker du ei leiarrolle i eit av dei mest avanserte radiologiske fagmiljøa i Noreg?
Vi søker ein seksjonsleiar lege med sterk fagleg forankring og gjerne med leiarerfaring for å videreutvikle vårt høgt spesialiserte fagmiljø.
Om avdelinga:
Radiologisk avdeling er ei av dei største i landet, og avdelinga utfører eit breitt spekter av diagnostiske undersøkingar og intervensjons- og behandlingsprosedyrar.
Vi tilbyr avansert biletdiagnostikk innen nukleærmedisin og radiologi for mellom anna områda nevroradiologi, muskel- og skjelettradiologi, onkologisk biletdiagnostikk, thorax- og abdominal radiologi, brystdiagnostikk, barneradiologi og intervensjonsradiologi. Legar tilsett ved PET-senteret og Brystdiagnostisk senter (BDS) har eigen leiar, alle andre legar ved avdelinga vert leia av Seksjonleiar lege.
Avdelinga har ei sentral rolle i sjukehuset si tverrfaglege pasientbehandling og samarbeider med Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet om forsking og utdanning av legar og radiografar.
Avdelinga har om lag 340 tilsette, deriblant om lag 88 legar, inkludert LIS-legar. Legane samarbeider tett med radiografar, fysikarar og anna helsepersonell. Vi har moderne utstyrspark som inkluderer MR, CT, PET, ultralyd og røntgen/intervensjons-diagnostikkrom. Avdelinga og avdelinga si forskingseining (MMIV) er ein leiande aktør innan radiologisk forsking og i implementering av kunstig intelligens (KI) i biletdiagnostikk.
Om stillinga:
Som seksjonsleiar for legane vil du ha det overordna ansvaret for den medisinskfaglege drifta ved avdelinga (med unntak av PET senteret og BDS) og ha økonomiansvar for legeseksjonen. Du vil vere ein del av avdelinga si leiargruppe og jobbe tett med avdelingsdirektør, seksjonsleiarar og nøkkelpersonell for å sikre høg kvalitet på tenesta, pasientsikkerheit, fagutvikling og forsking innen dei til ein kvar tid gjeldande økonomiske rammane.
Det er også ønskeleg at søkar har erfaring eller kjennskap til:
Vi oppmodar òg deg som ikkje har lang leiarerfaring, men som har stor motivasjon for leiarutvikling og engasjement for faget, til å søke.
Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.