Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Vestland fylkeskommune søkjer ein IT-fagperson til seksjon IKT som vil drifte og vidareutvikle automatiserte prosessar og RPA-løysingar. Du vil vere med i eit lite team og samarbeide tett med fagmiljø og tenesteeigarar for å frigjere tid frå repeterande arbeid og styrke fagfolka si jobbframgang.
Du får moglegheit til å arbeide med moderne teknologi, varierte oppgåver og fagleg utvikling gjennom kurs og konferansar. Fleksibel arbeidstid og gode løns- og arbeidsvilkår er ein del av tilbodet.
Vestland fylkeskommune set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland. Digitalisering og automatisering er viktige verkemiddel for å lykkast med dette, og vi vil frigjere tid frå repeterande arbeid slik at fagfolka våre kan bruke kompetansen sin der han gjer mest nytte.
Seksjon IKT er med og leverer tenester til alle innbyggarane i Vestland fylkeskommune. Vi har meir enn 150 ulike IKT-system og ca. 6.500 brukarar spreidd på fleire titals lokasjonar i fylket! Vi har ansvar for lokal IKT-drift av dei fleste IKT-system som vert nytta i Vestland fylkeskommune, samt infrastruktur som knyter saman lokasjonane. Seksjon IKT skal ta i vare alle IKT-systema og all IKT-infrastruktur, og sikre at dette til ei kvar tid har riktig kapasitet, oppetid og teknisk sikring. I tillegg skal seksjon IKT understøtte brukarane og verksemda sitt behov. Seksjonen er organisert i fem faggrupper; KI og teknologiutvikling, service, systemdrift, tenesteleveranse og kjernedrift og har totalt 91 medarbeidare og 34 lærlingar.
Du kan bli tillagt andre oppgåver, og oppgåvene vil kunne endre seg over tid i takt med utviklinga i teknologi og behov i organisasjonen.
Vi legg vekt på personleg eignaheit fordi du vil jobbe i eit lite team der du både må stå på eigne bein og bidra inn i eit fellesskap, og der høg takhøgde, openheit og felles ansvar ikkje berre er fine ord, men måten vi faktisk jobbar på kvar dag. Vi er ein gjeng som tek arbeidet på alvor, men ikkje oss sjølve for høgtideleg.
Dette er ei sentral og spennande stilling i eit fagmiljø som utviklar framtidas digitale tenester. Du vil få faglege utfordringar og moglegheit til å arbeide med moderne teknologi, samt fagleg utvikling ved å delta på kurs og konferansar
Tilsette i seksjon IKT har høg trivsel på arbeidsplassen. Gjennom ein eigen Teams-kanal tek kollegaer initiativ til sosiale aktivitetar som mellom anna padeltennis, felles måltid og spelekveldar. Vi har og ein felles samling for heile avdelinga kvart år, i tillegg til ein samling pr fageining.
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.