Avdelingsleiar vikariat Kasa

Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten)

New Jersey

On-site

USD 73,000 - 87,000

Full time

4 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Pensjonsordning i SPK
Gode låne-, pensjons- og forsikringsor

Job summary

Kasa ungdomssenter, avd. Tertnes i Bergen leiter etter ein avdelingsleiar i 100% stilling med ei varigheit på 7 månader og moglegheit for forlenging. Stillinga krev at du har relevant høgare utdanning, sterke kommunikasjonsferdigheiter og evne til å leia fagleg utvikling og tverrfagleg arbeid.

Du vil vere ansvarleg for stabil drift, personaloppfølging, budsjett og utviklingsarbeid i eit traumebevisst omsorgsmiljø for ungdom mellom 13 og 18 år. Polititest, samarbeid og leiing av team er sentralt.

Qualifications

  • Høgre utdanning på bachelor- eller masternivå, spesielt innen barnevern/sosialt arbeid/vernepleiar.
  • Gode kommunikasjonsferdigheter og skriftlig/munnleg framstilling på norsk.
  • Gode digitale ferdigheter og erfaring med rapportering/dokumentasjon.
  • Erfaring med fagleg utviklingsarbeid og tverrfagleg samhandling.
  • Førarkort for bil – gyldig dokumentasjon må leggjast fram.

Responsibilities

  • Sikre stabil drift og bemanning i avdelingen.
  • Leie personal og fag – inkludere HMS og budsjettoppfølging.
  • Planlegge operativt og langsiktig.
  • Bidra til intern og ekstern samhandling og utviklingsarbeid.
  • Leie av omsorgs- og endringsarbeid knytt til traumebevisst omsorg og målstyrt miljøterapi.

Skills

Kommunikasjonsferdigheter
Førarkort for bil
Digitale ferdigheter
Tverrfaglig samhandling
Faglig utviklingsarbeid

Education

Relevant høgare utdanning (bachelor/masternivå) innen barnevern/sosialt arbeid/vernepleiar

Job description

Om stillinga og arbeidsstaden

Ved Kasa ungdomssenter, avdeling Tertnes har vi ledig mellombels stilling som avdelingsleiar i 100 % stilling, varigheit på 7 månader med høve til forlenging.

Brenn du for å støtte ungdom i krevjende livssituasjonar? Vi søkjer deg som er trygg, fagleg sterk og klar for ein kvardag med både faglege utfordringar og meining. Er du fleksibel og omstillingsdyktig? Då kan du vere den vi søkjer etter.

Kasa ungdomssenter er eit omsorgstiltak i Bergen for barn og unge i alderen 13 - 18 år. Vi tek i mot plasseringar etter Lov om barneverntenester

  • 3-1/3-2/3-6 og
  • 5-1 jfr. barnevernlova.

Kasa ungdomssenter skal gjennom traumebevisst omsorg og målstyrt miljøterapi etablera profesjonelle omsorgsrammar som legg til rette for endring og utvikling. Einingen har i dag tre avdelingar: Tertnes, Morvik og Flatøy, med til saman 9 plassar.

Arbeidsoppgåver

Mål for stillinga er å sikre stabil drift og bemanning.

Korleis Oppnå Dette Målet
  • ta kloke avgjerder akkurat no, samtidig som du leier med fagleg tryggleik, etisk medvit og tydeleg nærvær
  • sørgje for stabilitet gjennom oppfølging av personal, fag, økonomi og kvalitetsutvikling
  • handtere både operativt ansvar og langsiktig planlegging
  • personalleiing, HMS og rekruttering, fagansvar
  • bidra til intern og ekstern samhandling
  • utviklings- og forbetringsarbeid
  • kompetansebygging
  • oppfølging av budsjett
  • bidra aktivt inn i leiarteamet til institusjonen
  • leie tiltaket sitt omsorgs- og endringsarbeid, knytta til traumebevisst omsorg og målstyrt miljøterapi.
  • ansvar for inntaksarbeid i henhald til einingas målgruppe og rammar
Kva bakgrunn har du?
Må-krav
  • Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå (fortrinnsvis innan barnevern, sosialt arbeid, vernepleiar eller tilsvarande).
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter og særs god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Gode digitale ferdigheiter og erfaring med rapportering og dokumentasjon.
  • Erfaring med fagleg utviklingsarbeid og tverrfagleg samhandling.
  • Førarkort for bil. Gyldig dokumentasjon på førarkort må leggjast fram
Ønskjeleg Med
  • Fordel med erfaring med personalleiing og personaladministrasjon.
  • Fordel med erfaring frå barnevernsinstitusjon eller anna barnevernsrelatert verksemd.
  • God kjennskap til barnevernsfeltet og relevant lov- og regelverk.
  • Økonomiforståing og erfaring med budsjett- og driftsansvar.
Personlege eigenskapar
Kva Ser Vi Etter
  • Emosjonell robustheit og evne til å stå i krevjande situasjonar.
  • Tydeleg og føreseieleg leiarstil som skaper tryggleik.
  • Evne til å prioritere og handle klokt i sanntid.
  • Høg gjennomføringsevne og indre struktur.
  • Refleksjonsevne, etisk medvit og relasjonskompetanse.
  • Blir motivert av å kombinere strategisk tenking med operativt ansvar.
  • Genuin motivasjon for målgruppa.
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert, samt ha evne til å samarbeide godt med interne og eksterne partar.
  • Har evne til å engasjere og motivere medarbeidarane til kunnskapsbasert arbeid.
Kva får du hos oss?
  • Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1407 avdelingsleiar, kr 700 000 - 840 000
  • Lønn blir vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
  • Stillinga er i eit spanande fagfelt der du er viktig i samfunnsoppdraget for å gje ungdom i institusjon moglegheiter til eiga utvikling i trygge rammar.
Opplysningar til deg som søkjar
  • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvaliserte søkarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagd til Kasa ungdomssenter, avd. Tertnes.
  • Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar.
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern
  • 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest
  • 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med statsansattelova.
Kva skal søknaden din innehalde?

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.

Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.

Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

ID kort må framstillest på intervju.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

PMTO-regionkonsulent
PMTO-regionkonsulent

Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten) • New Jersey

On-site
USD 64,000 - 79,000
Statens pensjonskasse
Rettleiar
Rettleiar

Nav • New Jersey

Hybrid
USD 66,000 - 69,000
Fleksitidsordning
Hybrid arbeidskvardag
Pensjonsordninger
Kontaktperson
Kontaktperson

Bergen kommune • New Jersey

On-site
USD 54,000 - 71,000
Miljøarbeidere Ringsaker mottakssenter 17 Jul 2026 Lær mer
Miljøarbeidere Ringsaker mottakssenter 17 Jul 2026 Lær mer

Hero AS • Town of Norway (WI)

On-site
USD 42,140 - 52,675
Meningsfull jobb
Inkluderende arbeidsmiljø
Muligheter for faglig utvikling
+1
Tilringevikarer. Helsefagarbeider / assistent
Tilringevikarer. Helsefagarbeider / assistent

Asker • Idaho

On-site
USD 26,000 - 35,000
Vil du ha verdas viktigaste jobb? Vi har ledig vikariat som psykolog ved BUP Sentrum!
Vil du ha verdas viktigaste jobb? Vi har ledig vikariat som psykolog ved BUP Sentrum!

Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern • New Jersey

On-site
USD 58,000 - 78,000
SVANEVIKSVEIEN BOFELLESSKAP SØKER RINGEVIKARER
SVANEVIKSVEIEN BOFELLESSKAP SØKER RINGEVIKARER

Bergen kommune • New Jersey

On-site
USD 27,000 - 37,000
Seniorkonsulent (vikariat)
Seniorkonsulent (vikariat)

Universitetet i Bergen • New Jersey

On-site
USD 66,000 - 69,000
Faste helge stillinger ledig på Ladegården sykehjem
Faste helge stillinger ledig på Ladegården sykehjem

Bergen kommune • New Jersey

On-site
USD 36,000 - 44,000
Øvre Krohnåsen bofellesskap søker ringevikarer som kan jobbe nattevakter
Øvre Krohnåsen bofellesskap søker ringevikarer som kan jobbe nattevakter

Bergen • Idaho

On-site
USD 36,000 - 50,000
Parkering i garasje
Nye fasiliteter