Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Bergen katedralskole søkjer ein administrasjonsmedarbeidar til skulen sin administrasjonskontor i Bergen sentrum. Du vil handtere skulen/avdelinga si resepsjon, telefon og postmottak og bidra til eksamensgjennomføring og tilrettelegging for ulike prøver.
Gode kunnskapar om Visma In School, Elements eller Visma enterprise er ein føremon. Dei offentlege pensjons- og forsikringsordningane og løn etter avtale/kvalifikasjonar vert tilbytt.
Bergen katedralskole vart grunnlagd i 1153 og er med det ein av dei eldste skulane i landet.
Skulen har omlag 1300 elevar fordelt på tre stader i Bergen sentrum og tilbyr følgjande:
Går du med eit ønske om å jobbe på administrasjonskontoret på ein skule med lange tradisjonar, der det er eit godt fagleg miljø og stortsamfunnsengasjement hos både hos elevar og tilsette? Då har vi ein ledig stilling for deg på Bergen katedralskole!
Har du stor arbeidskapasitet, er lettlært og sjølvstendig og har ei positiv innstilling?
Er du glad i utfordringar og likar å finne løysingar ?
Er du omgjengeleg, god på relasjonar og til å sjå menneske?
Og har du vilje til, og ynskje om, og bidra til eit godt arbeidsmiljø?
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.