Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Fjord1 søkjer ein maskinsjef til den elektriske ferja MF Samlafjord som trafikkerer sambandet mellom Jondal og Tørvikbygd. Stillingsskapet har døgnskifttar med to veker på og to veker fri, og du bør bu nær reiserute til skipet.
Du får ansvaret for vedlikehald av maskineri og energisystem, og spelar ei nøkkelrolle i å oppretthalde driftssikkerheit og følge ISM-koden, SEEMP-tiltak og ISO 50001-standardar.
Vi søker ein maskinsjef til vår elektriske ferje MF Samlafjord, som trafikkerer sambandet mellom Jondal og Tørvikbygd.
I dette sambandet jobbar ein døgnskift - du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i ein periode på 2 veker, deretter har du 2 veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innenfor rimeleg reiseveg til Jondal eller Tørvikbygd då rederiet ikkje har bofasilitetar det døgnet ein har fri.
Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.
Fartøyet blei bygd i 2019 og har batteri som primær energikjelde iframdriftssystemet. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusereutslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.
Her får du jobbe i eit godt fagmiljø saman med engasjerte og hyggelege kollegaer. Sambandet blir drifta av eit moderne fartøy frå 2019, som har batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet. Fartøyet har gode fasilitetar om bord og tilbyr ein arbeidshverdag i vakre omgjevander.
Søknadsfrist:
Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter.Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til attryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Vi ser etter ein sjølvstendig og løysingsorientert maskinsjef med tekniskinnsikt og gode leiareigenskapar. Du er ansvarsbevisst og nøyaktig, oghandterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik. Samarbeidsevne ogeit sterkt fokus på sikkerheit er avgjerande hos oss.
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land.Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påvirke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.