Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Fjord1 søkjer matros til døgnskift med éitt døgn om bord og éitt døgn fri i 12 dagar, etterfølgt av 9 samanhengande fridagar. Som matros deltek du i lasting og lossing og bidreg til vedlikehald for trygg og effektiv drift.
Avløsningsområdet er kysten og fjordane, og du må bu reint i rimelig reiseveg til Husavik eller Sandvikvåg. Du blir ein del av eit stort fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt.
På dette sambandet arbeider ein i døgnskift. Du har eitt døgn på jobb etterfølgt av eitt døgn fri i ein periode på 12 dager. Ved helgevakt har du samanhengande opphald om bord frå fredag til måndag. Etter arbeidsperioden følgjer 9 samanhengande fridagar.
I samband med skiftordninga bør ein bu innan rimeleg reiseveg til Husavik eller Sandvikvåg, då rederiet ikkje har bufasilitetar dei døgna ein har fri.
Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Søknadsfrist:
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land.Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.