Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Vest IKT leiger inn ein allsidig animatør/visuell innhaldsutviklar i 100% stilling til vårt kompetanse- og læringsmiljø i Bergen. Arbeidet omfatter produksjon av animasjon, 3D og video for e-læringskurs som forklara komplekse faglege prosessar til medarbeidarar i spesialisthelsetenesta.
Rolla krev at du kombinerer visuell produksjon med god prosessforståing og kundekontakt, slik at du blir ein viktig bidragsytar i heile utviklingsløpet og i det smidige teamarbeidet.
I seksjon for Kompetanse og digital læring i Helse Vest IKT har vi ledig eit ettårig vikariat i innhaldsproduksjonsteamet vårt. Vi ser etter ein allsidig animatør / visuell innhaldsutviklar som både meistrar sjølve handverket med å skape animasjon, 3D og levande bilde, og som ønskjer å bidra aktivt inn i smidig prosjektarbeid frå start til slutt. Hos oss utviklar vi digitale læringsprodukt for medarbeidarar i spesialisthelsetenesten på Vestlandet. Vi jobbar målretta for å kome bort frå tunge, tekstbaserte kurs, og heller bruke god visuell formidling for å forklare kompliserte ting på ein enkel måte. For å få til dette treng vi deg som kan kombinere visuell produksjon med god prosess- og brukarforståing.
Du kjem inn i eit tverrfagleg produksjonsteam med bakgrunn innen læringsdesign, pedagogikk og grafisk design. Hos oss vil rolla di vil veksle mellom visuell produksjon og deltaking i det breiare utviklingsløpet for e-læringskursa våre. Oppgåvene vil variere etter kva prosjekt og behov som kjem inn i løpet av engasjementet, men du vil mellom anna:
I tråd med kvalifikasjonsprinsippet legg vi vekt på utdanning, erfaring og personleg eignaheit:
Hugs å leggje ved lenkje til showreel eller portefølje i søknaden din – vi gler oss til å sjå kva du har laga!
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Frøy Kristin Johnsen,Seksjonsleiar
Bjørnsons gate 29
5052Bergen
Arbeidsgivar: Helse Vest IKT
Referansenr.: 5202417753
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 16.11.2026