Obtenez une réponse de cet employeur
Votre CV et votre lettre de motivation, adaptés exactement à ce que l’employeur recherche.
Høgskulen på Vestlandet, avdeling for utvikling av læring og undervisning, Medielab, søker seniorkonsulent/rådgjevar i eit 6 månaders vikariat. Arbeidet er 100% og føretaket ligg til campus Bergen med reistrekningar mellom campuses.
Stillinga er knytt til Medielab ved ALU og krev bachelorgrad (evt master). Ansvarsområde inkluderer produksjon frå idé til ferdig produkt, samt utvikling av nye medieproduksjonsformat og universell utforming.
Om stillinga:
Den ledige stillinga er eit 6 månaders vikariat i 100% stilling som seniorkonsulent / rådgjevar innan medieproduksjon.
Stillinga er knytt til Medielab, som er ein del av Avdeling for utvikling av læring og undervisning (ALU) i Fellesadministrasjonen. Medielab er høgskulen si kompetanseeining for medieproduksjon og bruk av ny teknologi i undervising, forsking og formidling. Senteret har 20 fast tilsette og har hovudkontor på campus Kronstad i Bergen ( www.hvl.no/alu/medielab/ ).
Vi søkjer ein høgt motivert og kompetent medarbeidar med høg kompetanse i video- og multimedieproduksjon og formidling. Stillinga vil gi den som vert tilsett høve til å arbeide med varierte oppgåver i eit kreativt miljø.
Arbeidsplass vil vere campus Bergen, men HVL er ein fleircampusinstitusjon og noko reiseverksemd må påreknast.
Oppstart i stillinga er 1.1.2027.
Kjerneoppgåver lagt til stililnga er:
Andre arbeidsoppgåver vil vere:
Formell utdanning og kompetanse:
For tilsetting i stillingskode som seniorkonsulent må søkjar ha bachelorgrad som er relevant for fagområdet, ev. minimum 2-årig fagskule og relevant erfaring.
For tilsetting i stillingskode som rådgjevar må søkjar minimum ha bachelorgrad, fortrinnsvis mastergrad, som er relevant for fagområdet.
Det er ønskeleg med erfaring frå liknande arbeid innan UH-sektoren eller frå produksjonsselskap.
Vi ønskjer at tre relevante arbeidsprøver blir lagt ved søknaden.
Personlege eigenskapar:
Stillinga som seniorkonsulent /rådgjevarer løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 - seniorkonsulent / 1434 - rådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Vi gjer merksam på at unntak fra den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsladersomønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå eibalansert alders- og kjønnssamansetjing ogrekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og holi CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvendingi behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endrasom følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Einingsleiar Sigrid Jordal Havre
Tlf.: 55 58 58 15
E-post: sigrid.jordal.havre@hvl.no
Les meir på våre heimesider.