Visuell innhaldsutviklar (1 års vikariat)

Helse Vest IKT

Bergen

On-site

NOK 520,000 - 640,000

Full time

9 days ago

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

KLP pensjonsrettar

Job summary

Helse Vest IKT søker ein allsidig animatør/visuell innhaldsutviklar for eit eittårig vikariat i innhaldsproduksjonsteamet vårt i Vestlandet. Du vil bidra i utvikling av digitale læringsprodukt for medarbeidarar i spesialisthelsetenesta og vere med frå idé til ferdig produksjon.

Du må ha ein sterk portefølje og relevant utdanning eller praktisk erfaring i animasjon, 3D og visuell kommunikasjon, samt kunnskap om After Effects, Premiere Pro og Blender.

Qualifications

  • Portefølje/Showreel med animasjon, 3D eller visuell historieforteljing
  • Relevant utdanning eller solid erfaring innan animasjon/3D/digital medieproduksjon
  • Kjennskap til heile den kreative pipelinen og kjennskap til E‑læring er ein bonus

Responsibilities

  • Delta i prosjektmøter og samarbeide tett med fagmiljø på sjukehusa for å forstå målgruppa og kartleggje brukarbehov
  • Lage korte animasjonar (2D/3D), video og visuelt innhald som forklarar prosedyrar eller faglege konsept i e-læringskursa våre

Skills

Portefølje/Showreel
Visuell produksjon
After Effects
Premiere Pro
Blender

Education

Relevant utdanning innan animasjon/3D/digital medieproduksjon/visuell kommunikasjon

Tools

After Effects
Premiere Pro
Blender

Job description

Er du god på animasjon og visuell formidling, og trivst med å jobbe tett på heile utviklingsprosessen? Bli med og løft korleis vi lagar digital opplæring til medarbeidarar i spesialisthelsetenesta!
I seksjon for Kompetanse og digital læring i Helse Vest IKT har vi ledig eit eittårig vikariat i innhaldsproduksjonsteamet vårt. Vi ser etter ein allsidig animatør / visuell innhaldsutviklar som både meistrar sjølve handverket med å skape animasjon, 3D og levande bilde, og som ønskjer å bidra aktivt inn i smidig prosjektarbeid frå start til slutt.
Hos oss utviklar vi digitale læringsprodukt for medarbeidarar i spesialisthelsetenesten på Vestlandet. Vi jobbar målretta for å kome bort frå tunge, tekstbaserte kurs, og heller bruke god visuell formidling for å forklare kompliserte ting på ein enkel måte. For å få til dette treng vi deg som kan kombinere visuell produksjon med god prosess- og brukarforståing.

Søknadsfrist:

Du kjem inn i eit tverrfagleg produksjonsteam med bakgrunn innan læringsdesign, pedagogikk og grafisk design. Hos oss vil rolla di vil veksle mellom visuell produksjon og deltaking i det breiare utviklingsløpet for e-læringskursa våre. Oppgåvene vil variere etter kva prosjekt og behov som kjem inn i løpet av engasjementet, men du vil mellom anna:

  • Delta i prosjektmøter og samarbeide tett med fagmiljø på sjukehusa for å forstå målgruppa og kartleggje brukarbehov.
  • Lage korte animasjonar (2D/3D), video og visuelt innhald som forklarar prosedyrar eller faglege konsept i e-læringskursa våre.
Kvalifikasjonar

I tråd med kvalifikasjonsprinsippet legg vi vekt på utdanning, erfaring og personleg eignaheit:

  • Portefølje / Showreel (ønske): Vi ønskjer å sjå konkrete døme på kva du har laga av animasjon, 3D, video eller anna visuell historieforteljing.
  • Du har relevant utdanning innan animasjon, 3D, digital medieproduksjon, visuell kommunikasjon eller tilsvarande. Solid praktisk erfaring og ein god portefølje kan vege opp for formell utdanning.
  • Du er stødig og effektiv i relevante verktøy for animasjon, 3D og video (som t.d. After Effects, Premiere Pro, Blender eller tilsvarande), og har kjennskap til heile den kreative pipelinen. Kjennskap til forfattarverktøy for e-læring er ein fin bonus.
Personlege eigenskapar
  • Som person er du ein lagspelar som også jobbar godt på eiga hand.
  • Du er fleksibel og open for å ta i eit tak der teamet treng det i produksjonen.
  • Du er god på å gjere prioriteringar i ein hektisk kvardag
  • Du bidrar inn til eit godt arbeidsmiljø
  • Ein jobb som betyr noko: Kursa og innhaldet du er med på å lage bidreg til ein tryggare og enklare arbeidskvardag for medarbeidarar i spesialisthelsetenesta på Vestlandet.
  • Eit sterkt og uformelt fagmiljø: Vi er ein engasjert gjeng som deler kunnskap, sparrar i kvardagen og har låg terskel for å teste nye grep.
  • Fleksible arbeidsordninger med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.

Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Visuell innhaldsutviklar (1 års vikariat)
Visuell innhaldsutviklar (1 års vikariat)

Frøy Kristin Johnsen • Bergen

On-site
NOK 420,000 - 620,000
Visuell innhaldsutviklar (1 års vikariat)
Visuell innhaldsutviklar (1 års vikariat)

Kompetanse og digital læring, Helse Vest IKT • Bergen

On-site
NOK 420,000 - 600,000
Visuell innhaldsutviklar: Animasjon & Læringsdesign
Visuell innhaldsutviklar: Animasjon & Læringsdesign

Kompetanse og digital læring, Helse Vest IKT • Bergen

On-site
NOK 420,000 - 600,000
Visuell Læringsutviklar: 2D/3D Animasjon i e-læring
Visuell Læringsutviklar: 2D/3D Animasjon i e-læring

Helse Stavanger • Bergen

On-site
NOK 520,000 - 640,000
KLP pensjonsrettar
Visuell innhaldsutviklar for e-læring (2D/3D)
Visuell innhaldsutviklar for e-læring (2D/3D)

Frøy Kristin Johnsen • Bergen

On-site
NOK 420,000 - 620,000
Fagspesialist identitets- og tilgangsstyring
Fagspesialist identitets- og tilgangsstyring

Helse Stavanger • Bergen, Førde, Stavanger, Haugesund

On-site
NOK 700,000 - 1,100,000
Medlemskap i KLP
Vil du jobbe med kritiske IT-systemer?
Vil du jobbe med kritiske IT-systemer?

Helse Nord IKT • Tromsø

On-site
NOK 520,000 - 650,000
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Mulighet for videreutdanning og sertif
Personlig utviklingsplan og kurs
Har du lyst til å jobbe med Nord- Norges mest spennende nettverksteknologi?
Har du lyst til å jobbe med Nord- Norges mest spennende nettverksteknologi?

Helse Nord IKT • Bodø, Mo i Rana, Tromsø, Harstad

On-site
NOK 720,000 - 800,000
Fleksibel arbeidstid
Hjemmekontor inkludert utstyr
Trening i arbeidstiden
+1
Er du strukturert, serviceinnstilt og trives med administrative oppgaver?
Er du strukturert, serviceinnstilt og trives med administrative oppgaver?

Portefølje, Helse Nord IKT • Tromsø

Hybrid
NOK 600,000 - 700,000
Pensjons-/forsikringsordninger (KLP)
Hjemmekontor mulig
Utviklingsmuligheter
+2
Nattevakt i 80% på Bjørgvin DPS (Vikariat)
Nattevakt i 80% på Bjørgvin DPS (Vikariat)

Helse Stavanger • Bergen

On-site
NOK 520,000 - 650,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Top locations